Dei sleit alle med å koma seg inn på bustadmarknaden. Her fann dei løysinga
Over 20 unge bjørnafjordingar vil gjera 'strønoværingar' av seg i løpet av kort tid.
I ein tøff bustadsmarknad, kan det vera ekstra utfordrande for ungdom å koma seg inn. Inngangsbilletten er som regel for høg. Os & Fusaposten har møtt fire unge vaksne i 20-åra, som no nærmar seg innflytting i sin første heim.
– Eg er frå Sørstrøno og hadde vel planar om å flytta litt lengre bort, men dette tilbodet var for godt til at eg kunne la vera å slå til, smiler Nora Versto.
22-åringen er den yngste av dei me møter i Strønoparken denne ettermiddagen.
Julie Hjertholm Lindborg flytter heller ikkje langt frå der ho vaks opp.
– Eg vaks opp i Lønnevågen, like nedi her. Då eg såg desse leilegheitene og prisen, stussa eg ikkje særleg lenge. Her får eg mykje meir for pengane enn nokon annan plass.
Kort veg til Nore Neset
Alt eg har sett på i denne prisklassen, er oppussingsprosjekt.
Marius Hevrøy frå Nore Neset har lenge hatt eit sterkt ønske om å koma seg inn på bustadmarknaden. Han har ikkje nett vassa i moglegheiter som ung, snart ferdigutdanna lærar.
– Det er vanskeleg å finna noko du har sjans til å finansiera. Dei fleste leiligheiter som vert bygd i dag, er for folk med langt betre økonomi enn unge som meg, konstaterer han.
Noko tilfeldig fekk han høyra om prosjektet i Strønoparken.
– Eg vart hinta om at dei bygde mindre leligheiter til ein rimeleg penge. Etter å ha rekna på det, fann eg ut at dette var noko eg kunne klara, fortel 25-åringen.
Også Robin Gjertsen kjem frå Nore Neset.
– Eg har jobb på sjøen. Å bu i nærleiken av der eg vaks opp, blir supert, seier 26-åringen.
– Har du venta lenge på denne sjansen?
– Ja. Alt eg har sett på i denne prisklassen, er oppussingsprosjekt, og då blir det fort ganske dyrt likevel, seier han.
Kvartetten har til felles at dei er glad i natur og ikkje let seg skremma av avstanden til Bergen.
– De gjev avkall på kort veg til byen?
– Ja, men samstundes får me no noko heilt nytt i eit nytt felt med kort veg til flott turterreng, badeplass og anna.
Klart mål med bustadene
Dagleg leiar og eigar av Strønoparken, Klas Færøvik, liker det han høyrer. Han meiner at dei fleste bustader som vert bygde i Bjørnafjorden kommune i dag, ligg på eit nivå som gjer dei utilgjengelege for unge førstegangskjøparar. Dette ville dei gjera noko med.
– Me har utvikla og prosjektert bustader som skal vera tilgjengelege for andre enn berre dei som er godt etablerte frå før. Desse firemannsbustadene er bygd spesielt med tanke på førstegangskjøparar. Me har sett korleis me best mogleg kan minimera kostnadene, slik at inngangsbilletten blir så låg som mogleg, fortel Færøvik.
I første trinn byggjer dei sju leiligheitsbygg med totalt 28 leilegheiter. Samtlege er på 50 kvm og hadde ein pris på rundt 2,6 millionar kroner.
– Me selde unna alle 28 einingane i løpet av éin månad. I tillegg fekk me 110 personar på venteliste.
– For de skal byggja fleire slike leilegheiter?
– Ja, i byggetrinn to skal det byggjast 52 til.
Arbeidet med desse startar så snart byggjesøknaden er ferdig handsama.
Me har sett på korleis me best mogleg kan minimera kostnadene, slik at inngangsbilletten blir så låg som mogleg
Færøvik fortel at bruken av lokale utbyggjarar og arbeidsfolk har bidrege til å halda prisen nede.
– Dei har alle kort veg til jobb, seier Færøvik og legg til:
– Samstundes dreg me fordel av samdrift og det faktum at me legg til rette for fleire bustader på ei og same tid. For meg handlar det om å gjera nytte av god flyt i arbeidet og god logistikk når det kjem til innleige av arbeidskraft.
Julie, Robin, Marius og Nora har fleire fellesskjente som skal inn i firemannsbustadene i Strønoparken.
– Det blir eit kjekt og kult lite samfunn, smiler jentene.
Eit heilt samfunn
I lag med far sin, Lasse Færøvik, starta Klas utviklinga av Strønoparken tilbake i 2021.
– I staden for å starta bygginga med det same, gjorde med unna alt grunnarbeid, veg og infrastruktur før me starta med prosjekteringa og salet av bustader. På den måten er heile området etablert i ein heilskap, fortel han.
Totalt skal det byggjast 140 bueiningar i parken.
– Me starta med sju einebustader. No har me 70 bueiningar anten ferdige, under bygging eller klare for å byggjast, fortel Færøvik.
Han skryter av arbeidet til oppmåling-, plan- og byggjesaksavdelinga i Bjørnafjorden kommune.
– Dei har vore heilt fantastiske. Det er ikkje ofte kommunen får skryt, men det fortener dei her. Dei har handsama byggjesøknadene våre kjapt, og det har gjort sitt til at me har kunna utvikla dette vesle samfunnet så raskt som me har ønskt, seier han.
Ikkje mange år etter at skulen stod i fare for å bli lagt ned, opplever lokalsamfunnet altså eit inntog av unge vaksne.
Dei unge på si side synest det er kjekt at det nye feltet vil bestå av både unge, storfamiliar og eldre.
– Det er kjekt at det blir eit heilt lite samfunn av ulike folk og aldersgrupper, smiler kvartetten.