Nora Gjerdevik Tveit (22) og Øystein Vaage, dagleg leiar i Kulturkontoret AS og avtroppande festivalsjef i Tysnesfest.

Nora frå Baldersheim vert ny festivalsjef på Tysnes

Tysnesfest har tilsett Nora Gjerdevik Tveit (22) som ny festivalsjef. Ho overtek rolla etter Øystein Vaage, som har leia festivalen i nær ti år.

Publisert

Det opplyser Tysnesfest i ei pressemelding. 

Tveit er frå Baldersheim og fullfører i mai bachelorgraden i digital serviceleiing ved Universitetet i Stavanger. Ho startar gradvis i rolla allerede no, og tiltrer 100% 20. mai. 

— Festivalen blir arrangert 9. - 11. juli 2026, med ein glidande overgang og god overlapp for den nye festivalsjefen, vert det opplyst i pressemeldinga.

— Me er trygge på at ho har det rette utgangspunktet til å ta Tysnesfest vidare, seier Øystein Vaage, dagleg leiar i Kulturkontoret AS og avtroppande festivalsjef i Tysnesfest. 

Nora Gjerdevik Tveit har vore på Tysnesfest sidan barndomen og har god kjennskap til både festivalen og lokalmiljøet.

— Tysnesfest er eit av dei store høgdepunkta på sommaren for meg og vennegjengen min, og har vore det så lenge eg kan hugsa. Det er stort å få vera med og løfta vidare ein festival som betyr så mykje for så mange. Eg gler meg til å bli kjend med organisasjonen og publikum i ei ny rolle, seier Tveit.

Vaage held fram som dagleg leiar i Kulturkontoret AS og går over i ei meir strategisk rolle for selskapet og porteføljen, som inkluderer mellom anna Festidalen, Utkant, Rein Hardangerfjord, Visit Tysnes i tillegg til Tysnesfest. 

Kulturkontoret har no fem heiltidstilsette. 

— No er tida moden for at nye krefter får forma festivalen vidare, og eg er glad for å kunna gje stafettpinnen til Nora. Eg skal vera med og støtta ho i overgangen, men ho skal få rom til å setja sitt eige preg på Tysnesfest, seier Vaage.

Powered by Labrador CMS