
DEBATT
Bjørnafjorden må sikte høgare
Bjørnafjorden har eit mangfaldig næringsliv, men vi manglar det solide fundamentet som skal til for å skape varig vekst.
Fredag kom resultata frå NHO sitt Kommune-NM, og Bjørnafjorden fekk ein heiderleg 7. plass i Vestland og 43. plass nasjonalt.
Venstre meiner det er gledeleg at vi ligg så høgt, men tala må lesast med ei klype salt.
At vi kjem så godt ut på næringsliv, handlar først og fremst om at vi ikkje har eigedomsskatt, ikkje nødvendigvis at kommunen legg betre til rette enn nabokommunane våre.
På andre område ser vi eit heilt anna bilete. Vi fell ned til 141. plass på arbeidsmarknaden og 169. plass på kompetanse. Det betyr at vi har færre arbeidsplassar i forhold til folketalet, høgare sjukefråvær og færre med høgare utdanning.
Bjørnafjorden har eit mangfaldig næringsliv, men vi manglar det solide fundamentet som skal til for å skape varig vekst. Difor må vi ikkje slå oss til ro med plasseringa. Vi bør heller bruke resultata som eit utgangspunkt for å stille spørsmålet om korleis vi kan styrke Bjørnafjorden på dei områda der vi faktisk heng etter.
Det er mange ting å ta tak i i Bjørnafjorden:
Arbeidsmarknaden vår treng breidde i kompetansen. Vi må gjere det enklare å tiltrekke oss kompetent arbeidskraft og bidra med gode og attraktive tenester, styrke samarbeidet mellom næringslivet og skulane og etablere fleire læreplassar.
Bjørnafjorden har sterke maritime og industrielle tradisjonar. Vi må støtte bedrifter som satsar på sirkulær økonomi, fornybar energi og klimavenleg teknologi. Kommunen må sjølv gå føre som kunde og stille krav om berekraft i innkjøp.
Gjenopprette stillinga som næringssjef i kommunen, slik at gründere og etablerte bedrifter har ein dedikert kontaktperson som kan hjelpe dei gjennom kommunen sitt system og sikre betre koordinering med regionale og nasjonale støtteordningar. Denne stillinga vil også vere ein nøkkel til å styrke samarbeidet med Bjørnafjorden næringsråd.
Kommunen må vere pådrivar for eit helsefremjande arbeidsmiljø, betre tilrettelegging for arbeidstakarar som treng fleksibilitet, og skape eit tettare samarbeid mellom næringslivet, NAV og helsetenesta for å få folk raskare tilbake i jobb og sikre tidleg oppfølging av sjukefråvær.
Etablere eit kommunalt fond som kan gje små tilskot eller lån i tidleg fase, og eit tett samarbeid med eksisterande inkubatorar. Siva‑programmet bør fremmast og styrkast lokalt.
Dele opp kommunale anbod slik at også små og nye bedrifter kan konkurrere. Det gjer at fleire lokale aktørar kan levere varer og tenester til kommunen.
Vi må betre kommuneøkonomien ved å prioritere kjerneoppgåver, redusere unødvendig byråkrati og investere klokt i infrastruktur og digitale løysingar. Ein sterk økonomi gjer det mogleg å byggje opp disposisjonsfond og sikre at kommunen kan støtte nye initiativ.
Bjørnafjorden har potensiale til å klatre fleire hakk i Kommune‑NM, men då må vi vere utålmodige. Å skapa eit mangfaldig og livskraftig næringsliv, er ikkje berre ein konkurranse. Det er grunnlaget for arbeidsplassar, skatteinntekter og berekraftige lokalsamfunn.
Bjørnafjorden Venstre