DEBATT
Blås liv i skulebiblioteka!
Politikarar kan ikkje 'krevja' betre leseferdigheiter samstundes som dei viktigaste lesefremjande tilboda i skulen vert nedprioriterte.
«Kvar tredje norske elev presterer under nivå 2 i lesing.» Slik skildrar PISA 2025 tilstanden blant norske ungdomar.
Midt i september prega dette innhaldet medium over heile landet. Her kom det fram oppsiktsvekkjande tal som blant anna viser at fire av ti norske gutar på 15 år strevar betrakteleg med lesing.
Fråskriv seg ansvaret
Nasjonale og regionale politikarar har vore ivrige med å fråskriva seg ansvaret. Det vert hevda at elevane har vortne latare, at foreldra lyt ta seg saman, samt at skulane og lærarane må skjerpast.
Klart må det skje ei endring her, men fleire elev- og ungdomsorganisasjonar i heimfylket vårt meiner politikarar har ein større del av ansvaret enn dei vil innrømma. For samstundes som PISA-resultata dalar, viser status for dei offentlege skulebiblioteka i Vestland bekymringsverdige tal for fleire skular.
Bakgrunnen for fokuset PISA 2025 har fått i media, er dei bekymringsverdig låge resultata. Meir spesifikt innanfor lesing. PISA-undersøkinga kartlegg nivået til norske 15-åringar i grunnskulen og analyserer resultata samanlikna med funn i andre OECD-land.
Her kjem det mellom anna fram at Noreg skårar under OECD-gjennomsnittet innanfor alle målte fag i undersøkinga. Som følgje av resultata har mange samfunnsdebattantar og profilar vore frampå og retta kvass kritikk i alle retningar.
Hypotesar om utilstrekkeleg oppdraging, skular med avslappa krav og god gamaldags latskap blant dagens ungdom, vert dregne fram som syndebukkar for nedgangen.
For snevert
Slike kjappe skuldingar gjev eit ufullstendig og altfor snevert bilete av saka. Her treng ein å gå ordentleg og systematisk til verks. Ein lyt først og fremst spørja: Kva fungerer ikkje slik det skal i dagens skule?
Mange politikarar meiner at svaret først og fremst ligg i skjermbruk, konsentrasjon og disiplin. Klart er desse også sentrale brikker i spelet. Og her lyt ein samarbeida aktivt med elevar og ungdommar, spesielt dei rådgjevande organa deira. Digitale vanar er derimot ikkje heile forklaringa.
Her vert til dømes skulebiblioteka oversett. Det har vore prøvd med strenge mobilforbod, ymse lesefremjande prosjekt og aldersgrenser på sosiale medium. Desse tiltaka har utan tvil verdi, men snur ikkje skuta åleine.
Hadde stramme, konkrete detaljstyringar vore suverene løysningar, ville ikkje dei låge PISA-resultat bestått.
Det bør rettast meir merksemd mot skulebiblioteka i debattane. No er det på tide at politikarar spelar på lag med elevane. Sats heller på å styrka arenaer der ungdom møter litteratur på elevane sine premissar. Slik legg ein til rette for auka leseforståing og sterkare lesevanar.
Korleis står det til med skulebiblioteka?
I Vestland Fylkeskommune vert det arbeidd med ny strategiplan for skulebiblioteka. I den samanheng vart det orientert om statusen til dei mange offentlege skulebiblioteka i fylket.
Enkelte større skular gjer det godt, til dømes Årstad vidaregåande Skule. Skulebiblioteket her vart i 2023 kåra til Årets bibliotek av Noregs bibliotekforeining.
På den andre sida viste statusrapporten raude tal for ei rekkje andre, mindre skular. Her vart blant andre Fusa vidaregåande trekt fram. Rapporten brukte tal utlånte skjønnlitterære bøker som ei måleeining, og ifølgje rapporten vart det lånt ut null slike verk på Fusa vgs førre skuleår.
Då elevrådet på Fusa vgs vart spurd om dei nokon gong hadde lånt ei bok frå skulebiblioteket, svara meir enn halvparten nei. Resten svarte ikkje i det heile.
Elevrådsrepresentantar på skulen har i fleire samanhengar snakka med rektorar på ulike skular i fylket. Her fortel alle at dei slit med å setja av midlar til skulebiblioteka. Skulebibliotek er rett og slett ikkje ein ordentleg budsjettpost når fylkeskommunen disponerer midlar til skular.
Rektor ved Arna vgs seier at ho må kutta i undervisningsgrupper dersom skulen skal ha råd til bibliotek. Dette gjer det svært utfordrande å driva eit ordentleg skulebibliotek.
Skulebibliotekar på heiltid
Ved Langhaugen vgs arbeider det derimot ein skulebibliotekar på fulltid, Maria Egilsdatter Sleire. Ho merkar sjølv at elevane set pris på lokalet og tilbodet.
Elevane der brukar skulebiblioteket aktivt, både i faglege samanhengar og som tidsfordriv. Eit godt og levande skulebibliotek bidreg til å auka lesegleda blant elevane, noko som på sikt heng saman med auka leseferdigheiter.
Å ha ein kompetent og imøtekommande tilsett på skulebiblioteket er sjølve limet i tilbodet. Ein slik ressurs manglar vi på fleire skular, Fusa vgs inkludert.
Misforstå oss ikkje; det manglar ikkje bøker på skulebiblioteka. Skilnaden mellom eit velfungerande bibliotek og eit bibliotek ingen nyttar, ligg i rettleiinga og atmosfæren.
Vi ønskjer oss i første rekkje ikkje fleire bøker, men heller skulebibliotek med kompetente, imøtekomande og aktiverande bibliotekarar. Skulebiblioteka skal vera relevante møteplassar for ungdomar. Men utan ordentleg finansiering ovanifrå, forsvinn sjela frå biblioteka. Då står vi igjen med dagens skulebibliotek: Daude, mørke rom med litteratur.
Kva har dette å seie for PISA-resultata?
Tilstanden til bibliotek på vidaregåande skular har naturleg nok liten direkte effekt på PISA-resultata; i den forstand at PISA testar elevar mot slutten av grunnskulen. Trass i dette, er velfungerande skulebibliotek gjennom heile utdanningsløpet ein sentral ressurs for å snu dagens utvikling.
Fusa vgs sine elevrådsrepresentantar har ferske erfaringar med skulebiblioteka ved ulike barne- og ungdomskular. Dei aller fleste fortel om lite aktive bibliotek, som manglar integrering i skulekvardagen til elevane. Som tidlegare elev på Samnanger ungdomskule, hugsar eg skulebiblioteket som ei sørgjeleg lukka dør i gangen. Det einaste av litteratur mange av mine klassekameratar lånte derifrå, var bøker som vart lesne under tvang i nitriste, grå skuletimar.
Slike inntrykk av skulebiblioteka bidreg på ingen måte positivt til å auka leseglede og litteraturforståing blant elevar. Derfor treng skulebiblioteka å løftast jamnt over alle skular.
Klart er årsakene for middelmåtige PISA-resultat samansette og fleirfaldige, men det kan tenkjast at grovt underprioriterte skulebibliotek er ein del av forklaringa. Tekst- og medieforståing søkk blant dagens elevar, samstundes finst det skulebibliotek som i praksis står ubrukte.
Må løftast og moderniserast
Elevar ønskjer sjølv å bidra til å snu utviklinga ein ser i PISA-resultata, men utan tilstrekkelege tilbod manglar vi verktøya vi treng. Her trengst ei satsing, både nasjonalt, regionalt og kommunalt.
Skulebiblioteka må løftast og moderniserast, spesielt på mindre skular. Skikkelege skulebibliotek med aktuelle løysingar er ei drivkraft bak betre leseforståing og lesevanar.
Framover lyt politikarar lytta nærare til rektorar og elev- og ungdomsråd. Vi føreslår å øyremerka pengar til skulebibliotek, enten frå regionalt eller nasjonalt hald.
Politikarar kan ikkje 'krevja' betre leseferdigheiter samstundes som dei viktigaste lesefremjande tilboda i skulen vert nedprioriterte.
Det held ikkje å peika på andre. Her må politikarane forstå sitt ansvar.
Carl Fossdal Tveit
Elevrådsleiar
Elevrådet og elevrådsstyret på Fusa vidaregåande skule
Kjelder:
A. Eriksen, T.S. Frønes, F. Jensen, M. Løvgren, A. Pettersen, C. Weyergang. «PISA 2025». Forskningsrapport. Tilgjengeleg frå: PISA 2025. Norske elevers kompetanse i naturfag, lesing og matematikk | Cappelen Damm Forskning.
Berit Tesaker, Langhaugen vgs. «Biblioteket». Informasjonsartikkel. Tilgjengeleg frå: Biblioteket.
Vestland Fylkeskommune, Kommunikasjon. «Skulebiblioteket på Årstad vgs. er Årets bibliotek». Informasjonsartikkel. Tilgjengeleg frå: Skulebiblioteket på Årstad vgs. er Årets bibliotek - Vestland fylkeskommune.