DEBATT
Dagens investeringstips: Norsk skule!
Har du pengane dine i aksjar og fond? Søv du litt uroleg for tida?
Vil KI-bobla sprekke og sende dei imaginære pengane dine i kjellaren?
For ein småsparar er dette urolege tider med nok av bekymringar.
Politikarane våre har andre utfordringar. Dei skal vedta budsjett både her og der, og alle dreg i den litt for korte dyna.
Det er nok av hol å putte pengane ned i, og alle vil ha.
Frå sjølvmeldinga kjenner ein uttrykket «utgifter til inntekts erverving», altså at ein har hatt økonomiske utlegg for å seinare skaffe seg inntekter i eit firma.
Det er eit enkelt og lett forståeleg prinsipp for dei fleste, om ein skal tene pengar må ein ofte bruke pengar.
Offentlege pengar er det litt vanskelegare med. I budsjettdiskusjonar i kommunar og fylke er det lett å sjå berre forbruket av offentlege pengar.
Vi er alle «in it together» og er avhengige av eit fungerande helsevesen, gode barnehagetilbod, framkommelege vegar og eit skulevesen som gjer dei små framtidige skattebetalarane ei god utdanning.
NOU-ar er spanande greier. Dei er skrivne av utval oppnemde av regjeringa og leverer rapportar som ofte sett premissane for diskusjonar på ulike samfunnsområde.
I august i år kom ein slik rapport som vi på skulefeltet venta spent på: NOU 2026: 10 «Fellesskulen. Bærebjelken i framtidas samfunn».
Vi lærarar hadde venta nervøst på denne rapporten, og ein kunne neste høyre eit kollektiv sukk av lette og tilløp til feiring då utvalet sine tilrådingar låg på bordet.
Dei vil mellom anna behalde lærarnorma og sette av ein milliard til auka tid for kontaktlærarar.
Men viktigast av alt; dei seier at skulen er samfunnet sin berebjelke! Ein treng ikkje vere bygningskunnig for å forstå dette språklege bilete.
Dei peikar på at om skulen får økonomisk rom til å førebygge utanforskap, så vil det vere ei rein økonomisk oppside for storsamfunnet.
Utvalet er ikkje snauare enn at dei seier at ein god skule fungerer som ei motkraft mot kriminalitet og utanforskap, og at investeringar i opplæring gir høg økonomisk avkastning for samfunnet.
Om ein følgjer denne logikken, er altså pengar samfunnet brukar på skule «utgifter til inntekst erverving».
For menneskeleg lukke og gode liv er det ikkje så lett å lage reknestykke, men skulen er ein heilt avgjerande faktor i eit slikt tenkt reknestykke.
Går det godt her, går det ofte godt også med andre ting i livet.
Så til alle politikarar der ute som skal vedta budsjett for neste år og økonomiplanar for dei komande år: Nå er det avgjerande at skule vert prioritert, så får heller ei og anna bru eller veg vente!
Linda Solemdal Solhaug
Hovudtillitsvald Utdanningsforbundet