DEBATT

Orientering har vi fått for lenge sidan og vi har sett oss godt inn i saka. Dette er ikkje eit folkemøte, men ein avleiingsmanøver.

Eit informasjonsmøte er ikkje eit folkemøte!

Orientering har vi fått for lenge sidan og vi har sett oss godt inn i saka

 

Etter at mange i lang tid har etterlyst eit folkemøte om Hotellsaka og utviklinga av Osøyro, inviterer no ordførar Søviknes til folkemøte om hotellsaka to dagar før saka skal opp til 2. gongs handsaming i Utval for plan, bygg og miljø.

Berre to veker etter skal saka opp i Kommunestyret til endeleg avgjerd.

Her går det unna.

Avleiingsmanøver

Hadde det no berre blitt eit folkemøte der politikarane i kommunen må stå til rette for dei standpunkt dei tar i saka, og dei kostnadene dei påfører alle innbyggarar i Bjørnefjorden kommune – men nei.

Ordføraren legg opp til at administrasjonen og utbyggarane skal orientera om byggeplanene. Orientering har vi fått for lenge sidan og vi har sett oss godt inn i saka. Dette er ikkje eit folkemøte, men ein avleiingsmanøver.

Kort om saka

Foreininga Midtskogen vel som representerar innbyggarane bakom hotelltomta og Grannelaget aust om elvo, som representerer bebuarane på Haugsneset, har for lenge sidan i brev bede om eit folkemøte. Vi har aldri fått svar på brevet vårt om dette. Det er dårleg demokrati. Slik vi ser det har ordføraren trenert eit slikt møte så lenge som mogleg.

Møt opp mannsterkt likevel

Møtet har ordføraren sett til komanda måndag i Kyrkjetunet. Vi ber alle som er opptatt av denne saka, møta og gje uttrykk for kva dei meiner. Dessverre trur vi lokalet vert for lite. Ein ville vel unngå Oseana, der det kunne tenkjast at det vert sett opp eit segl - noko vi ikkje fekk lov til tidlegare.

Det var også dårleg demokrati.

Beste helsing Foreninga Midtskogen vel ved

Knut Natvik

Styreleiar

Truda Lunde

Nestleiar

Laila Moberg

Styremedlem

Powered by Labrador CMS