DEBATT
Ertesvåg gjentar og forsterkar reknefeil om Hordfast
Vi etterlyser ein open og ærleg debatt om desse spørsmåla basert på eit objektivt faktagrunnlag.
Jan Ertesvåg, styreleiar i lobbyselskapet Stavanger2Bergen, held fram med å selje Hordfast som ei «gåvepakke» som er nesten gratis for staten, no under tittelen “Jo, Stavanger-Bergen er meget lønnsomt for staten og landsdelen”.
Han har heilt rett i at vi slit med å akseptere desse påstandane – av den enkle grunn at dei er beviseleg feil.
Ertesvåg brukar no Kjell Werner Johansen ved Transportøkonomisk institutt (TØI) som sitt sanningsvitne. Vi tok difor direkte kontakt med Johansen, og sanninga er ei heilt anna: Han stadfestar at han berre har gjort ei isolert utrekning av noverdien av eit gitt tal – og han presiserer at han ikkje har gjort ein kvalitetskontroll av Ertesvåg sitt totale reknestykke.
Tvert imot gav han ei klar melding som Ertesvåg beleilig har «gløymt», og som vi også har påpeika: Drift- og vedlikehaldskostnader og massive oppgraderingar undervegs («mid-life upgrade») skal med i eit slikt reknestykke om Hordfast. Johansen åtvarar om at desse kostnadene kan bli «svære».
Les også:
I spørretimen i Stortinget i 2024 slo også samferdselsminister Nygård fast at vedlikehaldskostnadene på ny veg (Hordfast) truleg vil «balansera eller overstiga innsparte ferjetilskot og kapitalkostnader til ferjemateriell».
Når styreleiaren så hevdar at vedlikehald ikkje er «vanleg» å rekne på, stadfestar han diverre samstundes si eiga manglande forståing for korleis samferdselsøkonomi fungerer.
Kostnader til vedlikehald er tvert imot obligatorisk i alle samfunnsøkonomiske analysar, og burde vera pensum for ein styreleiar i ein lobbyorganisasjon.
I den samfunnsøkonomiske analysen for Hordfast er både endring i ferjebidrag, kostnader til drift og vedlikehald sjølvsagt med i Statens vegvesen (SVV) sine reknestykker.
I analysane til SVV og Samferdselsdepartementet blir meirverdiavgifta behandla konsistent – ikkje berre på anleggskostnadene, men òg på staten sine tilskot til ferjene, ferjebillettane samt drift og vedlikehald. Ertesvåg sin momsakrobatikk er til samanlikning særs lite truverdig.
SVV sine eigne tal viser at Hordfast no har negativ samfunnsnytte (samla, prissette + ikkje-prissette), og det utan bompengar i reknestykket. Rapporten frå Vista Analyse viser at høge bompengar med betydeleg risiko for lågare trafikkauke enn det SVV legg til grunn, vil svekka samfunnsnytten i prosjektet ytterlegare.
Dei store ringverknadene for næringslivet som Ertesvåg snakkar i store ord om, har heller ikkje støtte i empirisk forsking. Dersom Ertesvåg meiner det er dekning i relevant forsking for slike verknader, så får han leggja fram dokumentasjon.
Sanninga om Hordfast er at prosjektet er i særklasse det mest kostbare og øydeleggjande prosjektet for klima og natur i heile NTP. SVV sin analyse viser at prosjektet er det verste vegprosjektet i landet med eit «livssyklus»-utslepp på over 1,6 millionar tonn CO2.
Vidare slår reguleringsdokumenta frå SVV (Fagnotat naturmangfald, 2024) fast at Hordfast er i strid med forvaltingsmåla i naturmangfaldlova, og vil påføre naturen «den mest alvorlege miljøskaden» som finst i etaten sin eigen karakterskala!
Det er på høg tid at eigarane i lobbyselskapet Stavanger2Bergen blir utfordra på den «faktabeskrivinga» som styreleiaren framfører. Ei samla miljørørsle kjempar for natur og klima og mot dette naturøydeleggjande monsterprosjektet.
Vi opplever det som svært utidig og skuffande at Hordfast-lobbyen prøver å pynta på sanninga gjennom direkte feilinformasjon med det formål å påverka beslutningsprosessar lokalt og nasjonalt.
Vi etterlyser ein open og ærleg debatt om desse spørsmåla basert på eit objektivt faktagrunnlag.
Naturvernforbundet og Norges Miljøvernforbund vil bidra konstruktivt med relevant fagkunnskap i det vidare ordskiftet og oppmodar våre meiningsmotstandarar til det same.
Roald Kvamme
NMF
Tom Skauge
Naturvernforbundet