DEBATT

Fjellheim er godt eigna til mange aktivitetar - også livssynsnøytrale gravferder

Det er verkeleg tragisk at ei kulturbygd ikkje tar vare på historia og kulturarven som Fjellheim representerer.

Syner først til Aleksander Grener og Egil Haugland sine innspel i Os & Fusaposten om bruk av Fjellheim som eit livssynsnøytralt lokale til gravferder. 

Som Egil Haugland fortel, har Fjellheim vore nytta til livssynsnøytrale gravferder tidlegare, også ganske langt tilbake i tid. Med omsyn til storleik, og at det er høve til å nytta begge etasjane, er Fjellheim godt eigna til mange ulike arrangement. 

Det har alltid vore høgt under taket (i dobbel forstand) i Fjellheim. Etter at den gamle scena vart riven(1991), og ein ny lågare og moderne scene kom på plass, vart storsalen meir bruksvenleg til konserter, foredrag, og sjølvsagt til mange andre typer arrangement. 

Bruk av Fjellheim til livssynsnøytrale gravferder kan sjølvsagt ikkje vera avgjerande i spørsmålet om bevaring av Fjellheim eller ikkje. Det er berre eitt av mange formål Fjellheim kan nyttast til. 

Hovudsalen og resten av bygningen innandørs vart ferdig oppgradert i 1991, etter at Os kommune kjøpte Fjellheim av Os Musikk- og Turnforening to år tidlegare. Det store ventilasjonsanlegget med varmegjenvinning kom på plass på slutten av 1994 osb.. 

Utvendig er Fjellheim i relativt god stand etter at at nordveggen vart oppgradert for ca kr 200.000 i 2022. Vestveggen (mot Mobergshaugane) treng eit malingsstrøk så snart råd er. 

I velkjent stil avfeier ordføraren all diskusjon om mogeleg bevaring av Fjellheim. Så vidt vi kjenner til, har kommunen også slått av all varme i huset, og nektar innsyn/befaring i bygningen, som til dømes av oss i Os Ungdomslag, som ønskjer å gjera ein innsats for å koma tilbake til dei flotte øvingsromma vi hadde i underetasjen (som er like flotte i dag). 

Vi kan gjerne bidra i arbeidet med å få Fjellheim «opp og gå». Fjellheim var i god stand då huset vart stengt ned, nesten over natta. 

Frp, Høgre og KrF har framleis fleirtal i kommunestyret, og dei styrer framleis Fjellheimsaka. Det er verkeleg tragisk at ei kulturbygd ikkje tar vare på historia og kulturarven som Fjellheim representerer. 

Kvifor bevara Fjellheim? 

1) Bygget er skreddarsydd for eit mangfald av aktiviteter, og som kanskje ikkje har naturleg plass i andre lokale i Os. 

2) Os er ein stor krins, og har ikkje eige samfunnshus/ungdomshus. 

3) Fjellheim er eit unikt brukshus, og terskelen for å nytta huset vil vera låg for alle brukargrupper. Plasseringa av Fjellheim er ideell i høve til offentleg transport. 

4) Fjellheim er ein særs solid bygning som tålar ein støyt. «Justen» (Erik Just Olsen) nytta Fjellheim til innetrening i førebuingane til eliteserien i 1974/75. 

5) Eit viktig moment er at huset er i langt betre teknisk stand enn det ein får inntrykk av gjennom media, eller slik fleire politikarar på høgresida har uttalt seg. 

6) Det er behov for eit hus/øvingslokale som mange kan kjenna eigarskap til, uansett alder og interesser. Huset har ein moderne scene for mange typer arrangement. Det er gode øvingslokale i både hovudetasjen og underetasjen, og det er lydtett mellom etasjane. 

7) Fjellheim har ei unik kulturhistorie, og Osbygda bør på eit eller anna vis ha evne og råd til å ta bygget i bruk att. Det er sjeldan at eit bygg med så stor verneverdi også har høg bruksverdi. 

8) Med dei store utbyggingsplanane i sentrum og omegn er det behov for eit aktivitetshus som Fjellheim (til dømes til livsnøytrale gravferder). 

9) Mykje av den spennande kulturhistoria til Fjellheim er tatt vare på. Med dagens teknologi med digitalisering og tilrettelegging, kan ein laga ei historsk kulturløype i bygningen slik at historia til Fjellheim og betydningen bygget har hatt for bygda, blir tilgjengeleg for både bygdefolk og turistar. I den godkjende kommuneplanen, samfunnsdelen, 2015-2027 står det i innleiinga til pkt. 5.3 Kunst, kultur og fritid 2027: «Alle osingar kjenner til Os si historie og historiske bygg, og området vert brukt aktivt i kulturformidling og identitetsskapande arbeid» 

Vidare under same hovudpunkt står det: «Vi vil vera ein attraktiv kommune som tar i vare vår historiske identitet.» 

Tore Moberg 

Powered by Labrador CMS