DEBATT
Frå KPA-ambisjonar til utvikling på Fusa-sida – kva må til?
Korleis samsvarer løfta med det eigarar og utbyggjarar opplever i praksis?
I arbeidet med ny kommuneplan sin arealdel (KPA), løftar Bjørnafjorden kommune fram betre bruk av eksisterande areal, attraktive bustadområde, fortetting og langsiktig utvikling.
Eikelandsosen og Fusa-sida skal få merksemd. Private grunneigarar blir oppmoda om å ta kontakt, be om møte og invitera kommunen inn.
Dette er ambisjonar fleire private eigarar ønskjer å bidra til. Men korleis samsvarer KPA – løfta med det eigarar og utbyggjarar opplever i praksis?
For vår del handlar det om eigedomar som ligg midt i Eikelandsosen sentrum som kan gi rom for om lag tolv nye leilegheiter, kystveg, båthamn/gjestehamn, parkering og gode uteareal.
Torsneset 13 og Bjellandsvegen 1 har vore i Osebakken-familien gjennom fleire genereasjonar og har gitt grunnlag for mellom anna daglegvareforretning, bakeri, brusfabrikk og bidrege til næringsutvikling og tilflytting i Eikelandsosen.
Småbåthamna på 123/20 har tilsvarande vore eigd og driven av Eikeland-familien gjennom fleire generasjonar.
Moglegheitene på eigedomane er særleg aktuelle for KPA og kan møte behova for sentrumsnære og aldersvenlege bustader, næring, betre arealutnytting og tilgang til sjøen.
Vi ønskjer samarbeid om å realisere dette, men etter halvanna år med omfattande brev- og e-postutveksling, møte og om lag 134 framlagde dokument opplever vi lite imøtekomming og reelt samarbeid om ein samla veg vidare for utvikling av desse eigedomane.
Vi har bede om tverrfaglege møte og ein samla gjennomgang av dokumenterte rettar, historiske vedtak, målebrev, godkjenningar og bruk. Kommunen omtalar dei historiske sakene som avslutta, utan å synleggjera korleis dokumentasjonen er vurdert og vekta, eller korleis desse forholda skal takast omsyn til ved vidareutvikling.
For parkeringa på Osebakken Eigedom AS meiner vi dokumentasjonen viser at kommunale krav vart oppfylte gjennom kjøp, godkjenningar og opparbeiding, etterfølgde av over 40 års bruk for selskapet sin næringsdrift.
Likevel blir nye parkeringsavtalar foreslått til 31.200 kroner årleg for berre fem plassar, utan ei synleg forklaring på kvifor det eksisterande dokumenterte grunnlaget ikkje er tilstrekkeleg.
Kva tryggleik gir eldre eller nye avtalar dersom dette grunnlaget som eksisterer ikkje først blir avklart og anerkjent der dokumentasjonen gir grunnlag for det?
I ei anna sak for Osebakken Eigedom AS har kommunen foreslått førehandskonferanse og søknad om ei mellombels løysing for bygget, som etter våre kostnadsoverslag vil kosta fleire titals tusen kroner, utan garanti for godkjenning eller ein avklart veg mot ei varig løysing og vidareutvikling.
Vi vert rettleia til å bruka tid og pengar på ein prosess med usikkert utfall, samstundes som kostnadene reduserer handlingsrommet for vidare utvikling.
For småbåthamna vart det framlagt dokumentasjon som syner at ho vart søkt om, godkjent, deretter opparbeidd og aktivt brukt frå 1984. Området vart regulert til småbåthamn, men kommunen endra seinare arealformålet for delar av området til blågrønn struktur og grøntareal.
Dette samsvarer dårleg med dei dokumenterte godkjenningane og den etablerte bruken og det skapte uvisse om lovlegheita for drifta, eigedomsverdien og utviklingsmoglegheitene. Då vi bad kommunen om rettleiing, vart vi viste til å levere KPA-innspel. Vi følgde rettleiinga og brukte om lag 25 000 kroner på fagleg bistand, men fekk deretter raskt avslag.
Kvifor vart vi rettleia til å bruka tid og pengar på denne prosessen dersom tiltaket ikkje kunne føra fram? Kva kunne vore avklart før vi vart rettleia til å bruke tid og pengar på denne prosessen?
Kommunen viser framtidig utvikling til nye, separate prosessar, og svaret inneheld ingen invitasjon til møte, felles dokumentgjennomgang eller konkret samarbeid om løysingar. Dei underliggjande spørsmåla forsvinn ikkje fordi sakene blir omtalte som avslutta. Etter vårt syn påverkar uavklarte forhold framleis parkering, arealbruk og føresetnadene for utvikling.
Utan desse avklaringane og ein samla veg vidare, går tid, energi og pengar til å etterspørja svar, handtera tilsyn og søknadsprosessar utan klar veg vidare og forklara saka på nytt.
Uvisse, kostnader og risiko for stans i drifta svekkjer økonomien, handlingsrommet og gjennomføringsevna. Korleis kan kommunen samordna nødvendige avklaringar med eit reelt samarbeid om varige løysingar for utvikling, slik at praksisen samsvarer betre med KPA sine ambisjonar om medverknad, fleksibilitet og løysingsorientering?
Ein høyrer samstundes at det er store behov for utvikling og bustader i Eikelandsosen sentrum og ellers på Fusa-sida, og at der finst folk som ønskjer å flytta til området, men som ikkje finn seg ein stad å bu.
Ein eigedomsmeklar som arbeider i kommunen, peikar på eit stort og presserande behov for fleire bustader i Eikelandsosen, særleg leilegheiter. Etterspurnaden blir skildra som sterk: Bustader under utvikling blir selde før dei er ferdige, og meklaren viser til at eksisterande leilegheiter på Torsneset vert selde før dei kjem på marknaden.
Behovet blir også knytt til demografien. Fleire eldre treng eigna leilegheiter. Når dei flyttar, kan einebustader bli frigjorde for familiar og nye innbyggjarar som ønskjer å flytta til, eller tilbake til området.
Eigedomsmeklaren meiner det er kritisk å få fleire bustader på marknaden på Fusa-sida og i Eikelandsosen, og at utviklinga burde ha kome i gang tidlegare for å motverka fråflytting og bygdedød. Dette gir kommunen og private eigarar ei konkret felles oppgåve i KPA-arbeidet.
Entrepenørar og eigarar har langt på veg utvikla bustadprosjekt eller ferdig regulerte eigedomar og ønskjer å bidra til utvikling, fortetting og KPA. Likevel opplever ein lite interesse og imøtekomming frå kommunen og vanskar med å få til konstruktiv dialog, samarbeid og framdrift.
Nokre sit med ei kjensle av at avgjerdene er tekne på førehand, og at dei må kjempa med nebb og klør for å koma vidare. Dette skaper avmakt, og prosjekt blir lagde i skuffa utan ein plan for gjennomføring. Dei spør derfor om kommunen faktisk ønskjer utvikling på Fusa-sida og i Eikelandsosen, og kvifor initiativ som kan møta bustadbehova og KPA-måla, ikkje blir møtte med større entusiasme og interesse.
Politikarar vi har snakka med, seier dette dessverre ikkje er ukjende historiar frå Fusa-sida og Eikelandsosen.
Desse erfaringane avgjer ikkje kven som har rett i kvar enkelt sak. Men dei gir grunn til å undersøkja om dagens arbeidsform legg godt nok til rette for å bruka tilgjengelege eigedomar til å møte utviklingsbehova på Fusa-sida og i Eikelandsosen, i tråd med kommunen sine eigne mål i KPA.
Folk ønskjer å flytta hit, og marknaden etterspør fleire bustader. Private eigarar har eigedomar, konkrete prosjekt, idear og vilje til å stilla eigedomane til disposisjon for utvikling. Samtidig ønskjer kommunen gjennom KPA bustader, fortetting og betre arealutnytting. Her ligg eit felles utgangspunkt for samarbeid om berekraftig utvikling på Fusa-sida og i Eikelandsosen.
Ingen krev at alle prosjekt skal godkjennast. Vi etterspør tydelege faglege vurderingar og samarbeid om kva eigedomar og prosjekt som kan møte behova, kva som hindrar gjennomføring, og korleis nødvendige avklaringar kan løysast for å enklast imøtekoma behova for vidareutvikling på Fusa-sida og i Eikelandsosen.
Spørsmålet til administrasjonen og dei folkevalde er derfor: Kva må endrast i kommunen sitt møte med private eigarar for at bustadbehova, tilgjengelege eigedomar og KPA sine ambisjonar skal omsetjast til eit meir imøtekomande og løysingsorientert samarbeid som gir faktisk framdrift og berekraftig utvikling på Fusa-sida og i Eikelandsosen?
Kan kommunen tilby tidlege møte med relevante fagområde samla, felles synfaring og ein konkret plan for vegen vidare, med tydeleg rettleiing om kva som kan løysast gjennom KPA, kva som krev andre prosessar, og korleis desse kan samordnast? Kan ein fast kontaktperson sikra kontinuitet, avklara ansvar og bidra til betre flyt i samarbeidet?
Vil dei folkevalde be administrasjonen undersøkja kva som hindrar aktuelle utviklingsprosjekt, og leggja fram konkrete tiltak for betre rettleiing, samordning og samarbeid med private eigarar på Fusa-sida og i Eikelandsosen?
Korleis vil dei følge opp at tiltaka gir resultat i form av bustader og berekraftig utvikling som møter behova hos innbyggjarane, lokalsamfunna, eigarane, marknaden og kommunen?
Kvar gong eit prosjekt blir lagt i skuffa, kan lokalsamfunnet mista bustader, investeringar og moglegheiter for tilflytting. Skal KPA bli ein berekraftig og robust plan for framtida, må også samarbeidet som skal realisera planen, fungera. Vi ønskjer ein positiv dialog om korleis kommunen og eigarane saman kan skapa betre vilkår for samarbeid og ta tilgjengelege eigedomar og utviklingsmoglegheiter i bruk for å møta desse behova.
Er det fleire som har erfaringar med kva som hindrar eller fremjar samarbeid og utvikling på Fusa-sida, og kva kan vi eventuelt gjera for å få dei no heilt nødvendige endringane for reell og faktisk utvikling på Fusa-sida og i Eikelandsosen?
Anna Shalita Eikeland
Osebakken Eigedom AS og 123/20
Med Laila Osebakken Eikeland som eigar