Høge ballar og vide mål
Så gjekk det ikkje slik me håpa på.
Då nederlaget mot England var eit faktum og teljeverket viste at tida var ute, var det berre sorg å spore på Nesjaheimen. Stolane vart rydda og lyset kom på.
Så kom sorga, og så bortforklaringar som endar i sinne. Desse engelskmennene som var svært lite gentlemen-like, som tafsa og vridde seg på matta for den miste ting. Denne dommaren, Tørrpinn, var det det han heitte, som sikkert var like lite til å stole på som fifasjefen Pepperoni, som omgjorde eit raudt kort etter å ha fått telefon frå lystløgnaren Trump? Kva elles kunne ein vente?
Det har vore ei merkeleg tid som her fekk sin ende. Alle vart brått fotballinteresserte. Folk let seg rive med av bølgja som andre hadde laga utan å nøla, utan den minste tvil. Verda var for ein gong skuld enkel.
Fotballinteressa hos underteikna kom også som eit sjokk. Eg såg elles sømelege grannar få kortare og kortare veg mellom deira indre og armar og bein. Sjølv sat eg med armane i kryss og lagde lydar som ein fnysande hest når nordmennene missa ein målsjanse. VM kom som ein forstår også med ny sjølvinnsikt.
Og så må Norges Roforbund, heilt utilsikta, ha fått mykje gratis PR. Du skal sjå det var dei som stod bak alt saman. Roing – frå pynteleg pappagut-sport til allemannseige på 14 dagar, det er slett ikkje dårleg. No har heile landet rodd i vekevis, så spørst det då om overgangen frå roing på Karl Johan, og på Frognerkilen eller i Kobbavågen, går så smidig som ein eller annan har sett for seg. For å bruka eit godt brukt ord i desse tider: dette er deira momentum. Så får ein håpa ein eller annan i forbunde er vakne.
Det beste med desse utrulege vekene var at det knapt vart observert ris bak spegelen. Som sjølvpiskande lutheranarar (jantelova er her eit sidespor) som ikkje kan betala seg ut av synderegisteret og som difor alltid lever i uvissa, lurer det alltid eit «men» bak alt.
Det lurer ei potensiell straff bak all eufori. Eller som spradebassen Bjørnstjerne Bjørnson skreiv: «Hver gledes-stund du fikk på jord, betales må med sorg». Det var tilløp til det, men det kom liksom ikkje heilt igjennom som det elles ville gjort. «Har aldri følt seg så norsk»: ei gladsak men med undertonar. Eller videoen av muslimske chadorkledde kvinner filma bakfrå som ville ro. 8200 kommentarar, 9 % norske, 70 % negative kommentarar. Prosentrekninga her nok her så vanskeleg at saka ikkje kunne brukast. For om ikkje nokon kan klandrast er vitsen vekke.
Sjølv ikkje denne vikingofsen kunne smussa til gledesrusen. For når bibellesarane i Raudt hadde gitt si velsigning til plasthjelmar og blond romantikk var det ikkje lenger noko grunn for å halde noko tilbake, her var det fritt fram.
Det er ikkje noko poesi i å vinna. For kva kan eigentleg bruka det til? Kva nytte har ein av pokalar i glasskåp, kladdeskulpturar i bronse på ein sokkel i granitt, eller ein gatestump. Heltar og dåder falmar, nederlag, om så verdige nederlag, ulmar og brenn aldri ut. Der har du fyringsved.
Eit forsedelegtap derimot, eit verkeleg bittert nederlag, den gongen ein ramla så handlaust i ålvelto – slikt er brennstoff og kveik for land og folk. Om ikkje mange år vil nye haalandinjoar og haalandesser stige opp frå denne usynlege underskogen av treningsjakker, vaffelkakerøre, ferjekøar og bortekampar i regn – der alle heltar kjem frå.
Fotballsorga over tapet til England verka merkeleg grunn, og var lett å riste av seg. Så lett at ein kunne forveksla denne sorga med søvnmangel. Eit glas jazzbrus og ein var fin i farten igjen. Fotballgleda var på si side lett, slik gleda er, men sat lenger inne. Og når ho vart slept ut kunne ikkje noko putte ho inn att.
I nokre få augneblinkar har me denne sommaren vore i berøring med nok heilt eksepsjonelt og fantastisk. Og ingen som var der, på stadion, i gatene i Oslo sentrum, i ølteltet på Festplassen, i stresslessen framfor tv-en, eller for den del på Nesjaheimen på Vinnes – ingen av desse, oss, dette «oss» som femner om alle – kjem nokon gong til å gløyme det. Me kom lenger enn nokon gong før.
Og om to år er det EM på dei britiske øyane.