Synfaring, hotelltomta, planutvalet, PBM, Kolabakkane, Knut Natvik, Foreninga Midtskogen vel
Etter så mykje negativt, skulle ein vel tru at dette prosjektet vert lagt på isen? Men nei.

DEBATT

Høyringa om høghotellet på Mobergsneset er no over. Kva så?

No har alle fått sagt sitt i høyringa om forslaget til hotell på Mobergsneset. Det var ikkje mykje positiv i desse innspela til planane!

Alle faglege instansar i Bjørnefjorden kommune og Vestland fylkeskommune som har uttalt seg, er negative til høgda og storleiken på prosjektet.

I tillegg er det mange lovkunnige elles som peikar på vanskar og feil i bruken av Plan- og bygningslova, også i høve til Lov om folkehelse.

Vi skal ikkje ramsa opp alt det andre som handlar om tap av privatliv, lys, utsikt, vanskelege trafikkforhold, manglande parkering og tap av lokale for kulturskulen og anna. 

Etter så mykje negativt, skulle ein vel tru at dette prosjektet vert lagt på isen? Men nei.

Dei driv påverknad på alle plan

Hotelldirektøren som skal driva konferansehotellet med fem stjernar, har nett vore på utdanningsmesse. Der viste han fram teikningane av det flotte hotellet han skal driva om ikkje lenge. Her kunne han skaffa ungdomane våre arbeid om dei valgte rett utdanning. 

Sjølv var nesteleiaren og eg i Foreninga Midtskogen vel på ein merkeleg «workshop» for ikkje lenge sidan, arrangert av utbyggarane og Oseana.

Der fekk vi lov til å seia kva vi meiner som er negativt med prosjektet, men vi skulle også finna argument for at dette er eit flott prosjekt for born og ungdom! 

Kva born og ungdom skal med eit femstjerners konferansehotell skjønar ikkje vi. Skjønar dåke?

Til slutt avslutta ordføraren vår den tilstellinga med å fortelja om alle prosjekta i Osøyro-området som no skulle bankast i gjennom – helst føre sommaren. Det stadfesta han også i førre veke på frukostmøte for Bjørnefjorden Næringsråd. Hotellprosjektet skal opp i kommunestyret alt før sommaren.

Alt er planlagd for lenge sidan

Det ser ut til at Frp og Høgre har bestemt seg for at dette prosjektet og andre skal gjennom uansett alle argumenta imot - ikkje uventa.

Ordføraren vår var jo på studietur til København alt i 2008 saman med hotelldirektøren. Alt då vart planane lagde. Resten av prosessen fram til i dag har så langt berre våre eit spel om korleis ein skal få det vedteke. 

Dessverre var fleirtalet i kommunestyret i 2022 naive. Dei ba ordføraren då skriva under på ein opsjonsavtale for hotelltomta med utbyggarane. 

Fleirtalet den gongen trudde det var tale om eit mindre hotell, ikkje dette monsteret vi no ser. Dei vart nok lurt av mindretalet som den gongen var Frp og Høgre.

 Vi må nok fortsetta kampen etter sommaren også, og det skal vi, med alle lovlege midlar. 

Knut Natvik

Styreleiar 

Foreninga Midtskogen vel

 

Powered by Labrador CMS