DEBATT
Hugsar politikarane kven som har gjeve dei mandat til å styra i kommunen?
Utbyggjarane bør/skal koma i andre rekkje.
Ope brev til politikarane i Bjørnafjorden kommune.
Eg var ein av tilhøyrarane på det sokalla folkemøtet i Tunet måndag 12. oktober. Eg var ein av dei som gjekk før møtet var avslutta. Då hadde eg fått meir enn nok.
Møtet var ikkje noko folkemøte, men eit møte der vi blei orientert om kva politikarane med 99,99% sikkerheit vedtek på kommunestyremøtet 29. oktober.
Eg har tre punkt eg vil seie noko om.
Parkeringstilhøva på Osøyro er svært dårlege. At utbyggjarar vert frikjøpte frå krava om parkeringsplassar på eigen grunn, gjer ikkje saka betre. At utbyggjar får kjøpa offentlege p-plassar aukar ikkje akkurat mogleheita for handlande på Øyro til å få plass til deira bil nokre minutt/timar.
Resultatet er positivt for Thon Senter Os, men bidreg til at folk unngår Osøyro om dei kan. Her skulle utbyggjarane i staden fått rekkefølgjekrav. Sørg for at du har planen klar for auking av antal p-plassar, f.eks. på eigen grunn - før du får byggjeløyve.
Ei anna sak set eg eit stort spørsmålteikn ved. Folkehelse er havna på plussida for bygging av høghotell. Kven får betre helse av dette? Iallefall ikkje innbyggjarane/naboane til høghotellet.
Tvert imot får dei i større eller mindre grad dårlegare trivsel med ein ruvande nabo som vert omtrent som ein gaukunge i eit småfuglreir. Naboane vil sannsynlegvis lida økonomisk om dei freistar selja leilegheita eller huset. Eg trur òg at enkelte tomter vert nærast umogleg å selja. Her tenkjer eg hotelleigar kan få eit massivt erstatningskrav mot seg.
Ei siste sak. Hugsar politikarane kven som har gjeve dei mandat til å styra i kommunen? Deira mandat er å tena først og framst innbyggjarane i Bjørnafjorden. Utbyggjarane bør/skal koma i andre rekkje.
Hugs også at det er val om eit knapt år.
Hildegun Hauge