DEBATT

Arealplan, folkemøte, Eikelandsosen, Fusa vidaregåande skule, ordførar Terje Søviknes
Arealplan, folkemøte, Eikelandsosen, Fusa vidaregåande skule, ordførar Terje Søviknes

Ikkje legg ned eit utdanningstilbod Vestland treng!

Både alvorleg og uforståeleg.

86 elevar går i dag på TAF/YSK ved Fusa vidaregåande skule. No står eit av dei beste og mest næringsretta utdanningstilboda våre i fare. Det er både alvorleg og uforståeleg.

TAF/YSK kombinerer teori og praksis, skule og arbeidsliv. Ved Fusa vgs gjeld dette no helsefag, naturbruk/akvakultur og teknologi/industrifag.

Elevane får både fagkompetanse og studiekompetanse, samtidig som dei får verdifull arbeidserfaring. Dette er eit vinn-vinn-tilbod.

Ungdommen får fleire moglegheiter, bedriftene får tilgang på framtidig fagkompetanse, og regionen får eit sterkare næringsliv.

Delta i debatten i kommentarfeltet under.

Vestland fylkeskommune bør heia fram slike tilbod – ikkje byggja dei ned!

Vi veit at næringslivet treng fagfolk og teknisk kompetanse. Samtidig snakkar vi politikarar om kor viktig det er å få fleire ungdommar til å velja yrkesfag og fullføra utdanninga.

Då heng det ikkje på greip å svekkja eit etablert utdanningstilbod som fungerer så godt.

Fusa vidaregåande skule har i tett samarbeid med lokalt og regionalt næringsliv bygd opp eit sterkt fagmiljø rundt TAF/YSK.

Å byggja ned dette miljøet vil få konsekvensar langt utover skulekvardagen. Det handlar også om framtidig rekruttering, arbeidsplassar og busetjing i regionen.

Vi har forståing for at fylkeskommunen må prioritere i ein krevjande økonomisk situasjon. Men vi må sjå meir enn kortsiktige innsparingar.

Kva kostar det å byggja opp att eit fagmiljø om vi først har lagt det ned? Og kva verdiskaping går vi glipp av når næringslivet mistar ein viktig arena for rekruttering og kompetanseutvikling?

Frp meiner TAF/YSK ved Fusa vidaregåande skule må vidareførast. Det same gjeld tilsvarande tilbod i andre delar av Vestland.

Vi kan ikkje snakke varmt om behovet for fagkompetanse og samstundes fjerne ein av dei beste utdanningstilboda vi har for ungdommen vår.

Ungdommen, næringslivet og regionen treng dette tilbodet.

 

Terje Søviknes (Frp)

Gruppeleiar Vestland fylkesting

Velkomen til kommentarfeltet. Vi vil høyra di meining. Bruk fullt namn.

Les reglane våre for kommentarfeltet.

 

Powered by Labrador CMS