DEBATT
Ikkje legg ned TAF/YSK i Fusa – sats på ungdom og kompetanse!
Fylkesdirektøren sitt framlegg om å leggje ned TAF/YSK-tilbodet ved Fusa vidaregåande skule er heilt feil veg å gå.
Fylkesdirektøren sitt framlegg om å leggje ned TAF/YSK-tilbodet ved Fusa vidaregåande skule er heilt feil veg å gå. Dette handlar ikkje berre om ei utdanningslinje. Dette handlar om framtida til ungdomane våre og næringslivet i regionen.
Administrasjonen i fylket har no lagt fram ei sak som skal opp i Yrkesopplæringsnemda 10.11 og vidare i Hovudutval for opplæring, kompetanse og tannhelse den 17.11
I sakspapira til desse møta argumenterer ein for gradvis utfasing av TAF/YSK tilbodet. I tabell for endring av tilbodet i Stor Bergen ser ein at det vert trekt klassar for TAF/YSK helse og omsorg, akvakultur og tekniske fag ved Fusa vgs.
Fusa vgs er svært dyktige på samarbeid mellom skule og næringslivet rundt. Dei samarbeider no og har lærlingar i 12 bedrifter innanfor akvakultur og 14 innan tekniske fag i heile regionen.
Innanfor helse er dei lærling leverandørar til kommunane Bjørnafjorden, Samnanger, Tysnes, Kvam og Kvinnherad. Helsesektoren er stadig i mangel på folk, her leverar Fusa vgs lokalt tilknytte framtidig tilsette til kommunane rundt.
Geografisk har skulen TAF/YSK elevar i praksis frå Odda til Tysnes! Frå bedriftene får vi høyre at Fusa Vgs leverer den kompetansen dei treng, og at samarbeidet er svært godt.
Når dei ser endring i framtidige kompetansebehov syter dei saman med skulen for at desse vert dekka i opplæringa, ein vinn vinn situasjon for bedriftene og ungdommane/skulen.
Kva kostar det når ungdom må reise lenger, flytte heimanfrå eller velje vekk ei utdanning dei eigentleg er motiverte for?
Kva kostar det for lokale bedrifter som treng fagfolk, at ungdommane ikkje er der?
Og kva kostar det for Fusa og kringliggjande bygder når viktige tilbod vert sentraliserte bort?
For mange ungdomar er nærleik til skulen avgjerande. Eit godt skuletilbod i nærmiljøet gjer det mogleg å bu heime, halde på fritidsaktivitetar og vere ein del av lokalsamfunnet medan ein tek vidaregåande opplæring.
Det gir tryggleik, tilhøyrsle og betre føresetnader for å fullføre. I ei tid då vi veit kor viktig det er å førebyggje fråfall, bør svaret vere fleire fleksible og praktiske opplæringsløp – ikkje færre.
Bodskapen vår er klar: Ikkje legg ned TAF/YSK ved Fusa vidaregåande skule. Behald og vidareutvikle tilbodet – for ungdomane, næringslivet og framtida til regionen vår.
Bjørnafjorden Senterparti
Kvam Senterparti
Samnanger Senterparti
Tysnes Senterparti
Kvinnherad Senterparti