Stummande mørkt langs FV122 for nokre år sidan.

DEBATT

Kan det ha med straumpris å gjera, siden straumen er dyrare austom Fusafjorden?

Eg er forundra over fylket sine måtar å auka tryggleiken langs vegane.

Det er med stor forundring eg les om fylket sine måtar å auka tryggleiken langs vegane.

Virkar som om det er viktig å fjerna lysa austom Fusafjorden. Kan det ha med straumpris å gjera, siden straumen er dyrare her?

Må verkeleg sei eg støttar Fru Årvik: Sløkk lysa i heile kommunen.

Eg trudde det i 2026 blei montert led lys som ville ha cirka 1/3 av forbruket og lengre levetid.

Eg bur i Strandvik nært fylkesvegen og for nokre år sidan slokna mange lys. Det blei meldt feil, men ingenting hende før eg tok saka opp med Os & Fusaposten.

Og at det er betre for innsekt uten lys, er jo tull. Kva med flaggermusene som flyg ved veglysa då? Kor skal dei ta vegen no?

Geir Ove Drageide

Powered by Labrador CMS