DEBATT
Kolabakkane - eit minne frå barndomen
Kolabakkane var ein stor arena der me gutar og jenter boltra oss i ulike ballspel.
Eg vaks opp på nedre Moberg under 2. verdskrig.
Kolabakkane var ein stor arena der me gutar og jenter boltra oss i ulike ballspel.
Dei som budde på nedre Moberg omtala me ikkje med etternamn, men etter kva yrke dei hadde. Næraste nabo til Kolabakkane, var Ole Hjelle. Han kalla me for Ole Ski. Han hadde skifabrikk like nedanfor Fjellheim.
I huset ovanfor Ole Ski, budde Ole Bank. Han var banksjef i Os Privatbank.
I banken var det stille som i grava. Når me kom inn i banken, måtte me kviskra fram ønsket me hadde.
Ein dag kom ein slektning av banksjefen inn og laga baluba. Han skjelte ut banksjefen etter notar. Han hadde fått så lite renter for pengane han hadde ståande i banken.
På andre sida av vegen budde Ole Bakar. Han var bakar på Os Forbruksforening. Der vert det bygd leilegheiter i dag.
Me som bur i Os Sjøfront høyrer til den eldre garde i Os. Me vil ikkje ha hotell ved Oseana med alle dei ulemper og plager det vil påføra oss gamle.
Politikarar: Det er inga skam å skifta meining og det er ikkje for seint å snu. Pengar er ikkje alt her i verda, men dessverre nøkkelen til resten.
Stephan Irgens-Hagevik - 90 år