Diskusjonen kring Fusa kommunes gamle rådhus har vekt sterke kjensler hos mange.

Lesarbrev: Høgres svar til engasjementet rundt Kommunetunet i Eikelandsosen

Høgre er oppteken av å leggja til rette for ei berekraftig og positiv utvikling i Eikelandsosen.

Publisert Sist oppdatert

Me i Høgre vil fyrst og fremst takke for det sterke engasjementet og dei mange innspela me har fått i samband med vedtaket om sal av Kommunetunet i Eikelandsosen. 

Det er eit uttrykk for levande lokaldemokrati at innbyggjarane bryr seg om utviklinga av nærmiljøet sitt, og me respekterer og set pris på alle synspunkt i denne viktige saka.

Vår visjon for Eikelandsosen – vekst, utvikling og berekraft

Høgre er oppteken av å leggja til rette for ei berekraftig og positiv utvikling i Eikelandsosen, som skal bidra til gode levekår og eit levande lokalsamfunn for både dagens og framtidige generasjonar. 

Me ser på Kommunetunet som ein sentral eigedom med stort potensial for framtidig utvikling som kan styrkja både bustadtilbodet og næringslivet i tettstaden.

Høgre er heller ikkje framand for å setja ein aktivitetspliktklausul i samband med sal.

Me meiner at Kommunetunet bør kunna nyttast til formål som både styrkjer lokalsamfunnet og legg til rette for nye behov. I vår visjon kan dette mellom anna vera etablering av seniorbustader, noko som vil gje eit godt og trygt bustadtilbod til eldre som ønskjer å bli buande i sitt lokalmiljø.

Samstundes ser me for oss at eigedomen kan opna for annan næringsverksemd som skapar arbeidsplassar og aktivitet i Eikelandsosen sentrum. 

Høgre i kommunestyret: Hans Vindenes omgitt av Lin Catrin Brunborg Anthun (t.v.) og Høgre-kollegaene Kristin Søfteland-Larsson og Marie Bruarøy.

Gode arbeidsforhold for kommunens tilsette vert ivaretekne

Det er òg viktig å presisera at alle tilsette som i dag arbeider i Kommunetunet, vil få tilbod om å flytta inn i moderne og funksjonelle kontorlokale på Fjord'n senter. 

Desse lokala er allereie delvis i bruk, og me vil sørgja for at kommunen sine tenester framleis vert leverte på ein god og effektiv måte, samstundes som det frigjer Kommunetunet for framtidig utvikling.

Hans Vindenes (f.), Emil Tetlie Brimsholm, Arve Samnøy, Marie Bruarøy og Kristin Søfteland-Larsson.

Høgre har forståing for og respekterer engasjementet

Me har stor forståing for at mange innbyggjarar opplever vedtaket som krevjande, og me tek deira bekymringar på alvor. 

Salet av Kommunetunet handlar ikkje om å kvitta seg med viktige kommunale eigedomar, eller arbeidsplassar, men om å skapa mogelegheit for fornying og vekst i Eikelandsosen. 

Me er trygge på at med god planlegging og tett samarbeid med lokalsamfunnet kan kan me finna løysingar som tek vare på både omsynet til kommunale tenester, lokal identitet og framtidig utvikling. 

Me er sikre på at denne prosessen, med rett gjennomføring, vil bidra til at Eikelandsosen framleis vil vera ein god stad å bu, arbeida og leva – både no og i framtida.

Emil Brimsholm

Nestleiar i kommunestyregruppa 

På vegner av Bjørnafjorden Høgre si kommunestyregruppe

Powered by Labrador CMS