DEBATT
Litt din, litt min, men mest Alsaker sin fjord
Det svarar seg å vera oppdrettar når kommunen delar raust av fellesskapets ressursar.
Halvanna veke etter at fleirtalet i Plan-, bygg- og miljøutvalet banka gjennom søknaden om ei firedobling av arealet til Bolaks i Aldalen, kom nyheita om at familieverksemda er historie. Kjøpt opp av Alsaker-konsernet frå Tysnes.
Ein salssum på to milliardar, vert det anslått her i avisa. Sjølv seier Gerhard Alsaker at han ikkje fekk «Black Friday»-pris. At Aldalen-anlegget no omfattar 110 dekar (mot opphavleg 27 dekar) har nok vore eit godt kort i forhandlingane. Det er ei kjennsgjerning at veleigna fjordareal er ein knappheitsressurs i oppdrettsnæringa.
Kva denne arealauken betydde for prisen, er ikkje godt for oss utanforståande å seia. Men vi har i alle fall fått bevis for kor lett omsetteleg ein fjord er, sjølv om det naturlegvis inngår mange andre verdiar i Bolaks. Men utan ein fjord – ikkje noko oppdrett. Det startar der.
Bolaks er bygt opp med hardt arbeid i generasjonar. Eigarane har god forretningssans, og står fritt til å realisera verdiane dei har skapt. Det er heller ikkje ankepunktet til MDG i denne saka.
For oss illustrerer denne saka den manglande rolleforståinga som kommunen og det politiske fleirtalet utviser når dei skal forvalta våre felles ressursar. For fjorden tilhøyrer oss alle, og fjorden har – som all natur – ein eigenverdi. Ikkje minst har vi eit ansvar for å ta vare på naturverdiar for komande generasjonar. Men her er det gitt eit nærmast betingelseslaust ja til dei få, på bekostning av desse omsyna. Slik vi også opplever i hotell-saka i Os sentrum og i Gjelevik-saka i Øyane.
Les også:
MDG har konsekvent stemt mot Aldalen-planane og peikt på at utvidinga er uforholdsmessig stor, at behovet for meir areal er svakt grunngjeve og at andre omsyn (natur, naboar o.a.) er for dårleg vekta.
Statsforvaltaren sette foten ned og det har vore mekling og krav om betre sakshandsaming. Kommunen på si side har tvihalde på at her veg næringsinteressene tyngst, og ingen kontrollspørsmål er spurd. Klart det hadde gått an å koma fram til ei betre løysing – stilt krav til Bolaks om at det ikkje skal brukast ein dekar meir av den dyrebare fjorden enn det som er strengt naudsynt. Vore ein god forhandlar, rett og slett.
For alt har ein pris, også Bolaks. Og no er det Alsaker som skal driva Aldalen-anlegget. Det var neppe det politikarane såg for seg då dei godkjende planane til Bolaks.
Er det noko å læra her, for ja-partia som styrer kommunen vår? No som vi skal i gang med kommuneplan-arbeid, akvakulturplan og annan samfunnsutvikling.
Det er eigentleg ikkje så vanskeleg, og dette rådet skal de få gratis. Gjer ein like god jobb på vegner av fellesskapet som de gjer for næringsinteressene.
Marie Hauge
Medlem i PBM
Nils-Anders Nøttseter
Kommunestyremedlem
Bjørnafjorden MDG