DEBATT
Lokalt næringsliv treng TAF/YSK-tilbodet!
Arbeidarpartiet vil kjempe for at Fusa vidaregåande skule framleis skal vere ein framtidsretta skule
Det er med stor uro vi registrerer framlegget frå fylkesadministrasjonen om å avvikle TAF/YSK-linjene ved Fusa vidaregåande skule.
Fylkesadministrasjonen sitt framlegg skal handsamast i Yrkesopplæringsnemnda 10. november og Hovudutval for opplæring, kompetanse og tannhelse 17. november 2026
Vi i Arbeidarpartiet heng oss på det gode ordskiftet som Senterpartiet og SV har starta i lokalmedia, og deler engasjementet deira fullt ut.
Det er viktig at det politiske miljøet i regionen står samla når framtida til lokalsamfunnet vårt og distriktet vårt står på spel.
TAF/YSK-ordninga er ein av dei viktigaste berebjelkane vi har for å knyte skulegang og arbeidsliv tettare saman i distriktet.
Dette handlar både om eit utdanningsløp som kombinerer fagbrev og studiekompetanse, i tillegg til å sikre at både helse og velferd og det lokale næringslivet har tilgang på den kompetansen dei treng for utvikling, nyskaping og framtidig vekst.
Viss vi skal lukkast med å gje ungdommen vår gode moglegheiter her heime som gjer at dei ønskjer å etablere og busetje seg i nærområdet, kan vi ikkje flytte eit av dei mest populære og vellukka utdanningstilboda til sentrale strok.
TAF/YSK-elevane ved Fusa videregåande skule har vist høg motivasjon og eit særs lågt fråfall.
Trygge rammer i kvardagen er det aller viktigaste verktøyet vi har for å førebyggje nettopp dette.
Når ungdom tek utdanninga si heime, slepp dei belastninga med lang reiseveg eller å flytte på hybel for tidleg.
Nærleik kan gi den stabiliteten og omsorgsarenaen som gjer at fleire fullfører, derfor må ein styrkje desse trygge og lokale opplæringsløpa i staden for å byggje dei ned.
Arbeidarpartiet vil kjempe for at Fusa vidaregåande skule framleis skal vere ein framtidsretta skule som spelar på lag med både velferdstenestene og lokalt næringsliv.
Vi har allereie vore i dialog med våre politikarar på fylkesnivå for å tydeleggjere kor avgjerande desse linjene er for regionen vår.
Vi kjem til å bruke all vår politiske kraft inn mot den endelege avgjerda i fylket for å sikre at TAF/YSK-tilbodet vert verande.
Bjørnafjorden Arbeidarparti
Kvam Arbeiderparti
Kvinnherad Arbeiderparti
Tysnes Arbeiderparti