Lysekloster mot Aalesund i NM.

DEBATT

Lysekloster Idrettslag: Tankar rundt 80-årsjubileet komande laurdag

Korleis skal vi feira at det er 80 år sidan Lysekloster Idrettslag vart skipa laurdag 30. mai i 1946, rett etter krigsåra som hadde halde ungdomen i Lysefjorden i et jerngrep?

Slik stoda er i skrivande stund, veit vi ikkje sikkert om laget eksisterer jubileumsdagen. Dette er ein heilt uhaldbar situasjon, som det kunne vore sagt mykje om, men det skal eg lata liggja denne gongen.

Det nye styret som vart vald på siste årsmøtet etter eit mistillitsforslag mot det gamle styret, brukte 12 dagar på å melda oppbod av laget til tingretten. Dette fekk diverre medhald, men med ankerett til lagmannsretten. 

Anke er no sendt , og vi ventar på ei avgjerd dei næraste vekene.

Så det vi no kan gjera, er ikkje å slå på stortromma, men i det stille mimra og feira all idrettsglede og kraftinnsats som er lagt ned i dei ymse idrettsgreinene gjennom dei 80 åra som er gått - medan vi ventar.

Men feststemninga sit langt inne. Eg reknar med at den berre slepp laus hvis anken går gjennom og nytt styre vert vald.

I samband med 70-årsjubileet vart det forfatta ei bok om utviklinga i laget, og her kan ein lesa seg til viktig lokal kunnskap, både om idrettsgreiner, formenn, trenarar og utøvarar som har utmerka seg.

Boka vart delt ut til alle frammøtte på siste årsmøte, men kan og lånast på Os folkebibliotek.

I dei siste 10 åra har Lysekloster Idrettslag sitt A-lag klatra jevnt oppover, og spelar no i 2. divisjon. Det er med god hjelp av Trond Mohn bygd opp eit funksjonelt idrettsanlegg for fotball og litt friidrett, med kunstgrasbane, overbygde tribunar og eigen presseplass for TV-opptak. 

Laget har samla eit lokalt publikum på kampane sine, og mange har skrytt av stemninga der.

Heldigvis var alt tilrettelagt slik at A-laget har fått lov å spela i serien så langt i påvente av svar frå lagmannsretten, men utan avtalt løn til spelarane. Dei har sanneleg vist sann dugnadsånd i denne ventetida. Måtte dei snart få løn for strevet!

Så kjære sambygdingar – heis flagget til topps på flaggstengene i fjorden og slepp jubelen laus hvis endelig avgjerd lar Lysekloster Idrettslag få leva og bløma i mange år til!

Det er det mange eldsjeler i laget, og spesielt éin, som verkeleg har fortent.

Else Marie Nordland

Mangeårig medlem

 

 

 

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS