DEBATT

Medan politikarane klør seg i hovudet

Eg høyrer de snakkar

Eg høyrer de ser

Eg høyrer de er misnøgde

Ja, eg høyrer de er uroa

 

For kva gjer ein når mobbetala stig?

Når lesedugleiken søkk?

 

— Jau, vi brukar mindre pengar per elev

Dette vil trygga elevane

Dette vil auka lesedugleiken

 

– Elevane treng då ikkje lærebøker, dei har PC, ein plass må grensa gå

Dette vil trygga elevane

Dette vil auka lesedugleiken

 

— Og lærarnorma kan vi ta, her er det pengar å spara

Dette vil skapa eit trygt miljø

Dette vil auka lesedugleiken

 

Sit ikkje der og snakk

Kvalitet kostar

Truda Lunde

 

 

 

Powered by Labrador CMS