DEBATT

Vi har inga tid å miste her i Vestland med gjennomføring av Hordfast, meiner Henry Berg.

Når det går godt for Vestlandet...

Om Vestlandet på sikt skal oppretthalde sin posisjon, må grunnlaget for bu- og arbeidsområde i landsdelen vidareutviklast og vilkåra for næringslivet betrast.

Når det går godt for Vestlandet er det også bra for heile landet, eit ofte brukt munnhell frå rikspolitikarar når dei er på besøk på desse kantar og gjerne i samband med valkampar. Og utsagnet har absolutt noko føre seg då ein mellom anna veit at Vestland er landets største eksportfylke utanom olje og gass.

Dersom Vestlandet på sikt skal oppretthalde sin posisjon, må grunnlaget for bu- og arbeidsområde i landsdelen vidareutviklast og vilkåra for næringslivet må betrast, særleg med tanke på effektiv tilkomst til den europeiske marknaden. Det som då er sikkert er at ferjer ikkje er løysinga som bindemiddel i hovudtransportkorridoren E39 langs vestlandskysten. På strekninga Stavanger – Bergen er ein no i gang med å gjere noko med dette gjennom Rogfast-prosjektet, eit undersjøisk tunnelprosjekt som skal binde saman sør og nord i Rogaland, og som er planlagt ferdigstilt i 2033.

Og då er det inga tid å miste her i Vestland med gjennomføring av Hordfast, eit prosjekt som vil bidra til ferjefri E39 på delstrekninga Stavanger – Sognefjorden. Prosjektet skal erstatte ferjestrekninga Sandvikvåg – Halhjem, og status er at Statens vegvesen tidligare i år leverte frå seg eit forslag til reguleringsplan til Samferdseldepartementet. Prosjektet er kostnadsrekna til i overkant av 50 milliardar, ein sum på same nivå som til dømes bygginga av nytt regjeringskvartal. La det heller ikkje vere tvil om at det kostar å satse på 100 prosent statleg finansiert InterCity-utbygging sentralt på Austlandet.

Men Rogfast og Hordfast er ikkje nok. Ferjefri E39 frå Stavanger og nordover langs kysten krev også kryssing av Sognefjorden og Nordfjorden her i Vestland. Arbeidet med desse prosjekta er enno i ein tidleg fase, noko som likevel ikkje bør vere til hinder for vidare prioritet i planlegginga.

Snart er den mest intense delen av årets stortingsvalkamp i gang. I den tida er eg ganske trygg på at politikarar med ambisjonar vil fortelje oss kor viktig Vestlandet er for heile landet, og at det difor kan forventast solide satsingar her i åra som kjem dersom dei kjem til makta. Meinast det alvor med dette, må ei satsing med høg prioritet vere å legge til rette for at reisetida på strekninga Stavanger – Ålesund langs E39 kan reduserast vesentleg frå dagens reisetid på over 12 timar.

Powered by Labrador CMS