DEBATT
Oseana, hotell og vegen vidare
Eg vil gjerne bidra til å oppklara både historikken og vegen vidare.
I etterkant av kommunestyremøte i oktober kjem Knut Natvik med både tankar og nokre spørsmål til meg i eit lesarbrev 16. november.
Eg vil gjerne bidra til å oppklara både historikken og vegen vidare.
I samband med utviklinga av Oseana kunst- og kultursenter knytte Os kommune til seg ei rekkje ressurspersonar frå lokalt og regionalt kulturliv, næringslivet og offentleg sektor.
Nokre av desse var med i delegasjonen som mellom anna vitja Louisiana kunstmuseum utanfor København i 2008.
Her deltok mellom anna Per Grieg sr., arkitekt Andreas Grieg, kunstnar Vibeke Harild, reiselivsrepresentant Kjetil Smørås, kultursjef Karl Ole Midtbø, kom.sjef Geir Engelsen, konsulent Geir Kragseth, Norvald Skåtøy og eg sjølv.
Det var såleis ikkje kulturutvalet som var på studietur slik Natvik skriv, men ei referansegruppe til kunst- og kultursenteret.
Smørås var henta inn i gruppa på grunn av sin reiselivskompetanse.
Reiselivspotensialet knytt til eit regionalt kunst- og kultursenter på Os vart heilt rett drøfta allereie på København-turen. Men det var først nokre år seinare, i 2012/2013, at dette materialiserte seg gjennom at kommunestyret kjøpte arealet bak rampen ved Oseana til hotellføremål.
Dette kjøpet var min referanse til 2012/2013 i sist kommunestyremøte.
I åra etter tomtekjøpet freista ein også å få på plass ein drivar av eit slikt hotell. Kommunen var då i dialog med ei rekkje hotelldrivarar.
Dette lukkast ein ikkje med i første omgang, men i februar 2022 kunne dåverande ordførar Trine Lindborg signera opsjonsavtale Krohnås Prosjekt ASS/LAB Eigedom om sal av tomta til hotellføremål.
To år seinare, i februar 2024 lanserte hotellutbyggjar Krohnås/LAB at dei hadde inngått opsjonsavtale med hotelldrivar De Bergenske og Kjetil Smørås.
Det har såleis vore ein svært lang prosess knytt til eit mogeleg hotell på Mobergsneset.
Smørås, med sin reiselivskompetanse, var med i referansegruppa for Oseana i 2008, men det var først 16 år seinare et han kom på banen sjølv som potensiell drivar av eit hotell ved kunst- og kultursenteret.
Undervegs har ei rekkje andre potensielle hotelldrivar vore inne i prosessen.
Så til debatten om sjølve reguleringsplanen i sist kommunestyremøte.
Der viste eg til at det også var stor motstand mot reguleringsplanen for Os Sjøfront og Oseana då denne vart handsama i Os kommunestyre i desember 2008.
Spesielt protesterte ein på byggjehøgda for Os Sjøfront og dei tre bustadblokkene som då vart regulerte inn på det som fram til no har tent som paringsplass bak rampa til Oseana.
Min argumentasjon gjekk såleis ikkje berre på Oseana slik Natvik skriv i sitt lesarbrev.
Poenget mitt var at trass i protestane i 2008, så verkar dei fleste no å vera godt nøgde med utbygginga vi har fått på Mobergsneset med både Os Sjøfront og Oseana.
Natvik stiller også eit spørsmål om det utvida parkeringskravet som Frp/H la på hotellet gjennom reguleringsplanvedtaket i kommunestyret.
Og ja, eg kan stadfesta at eit hotell ikkje kan opna før nye fysiske parkeringsplassar er på plass i tråd med parkeringskravet i føresegnene til reguleringsplanen.
Korleis hotellutbyggjar vil vurdera det utvida parkeringskravet, og kva det bety for eventuell oppstart på hotelltomta, er det ikkje mogleg for meg å svara på.
Allereie i desember skal imidlertid kommunestyret handsama reguleringsplan for ny kollektivterminal og parkeringsanlegg i fjell, og så må vi nytta 1.halvår 2027 til å jobba med private om heil- eller delfinansiering av anlegget.
Parkering i fjell er klar førsteprioritet, men om ikkje vi lukkast med å få det på plass, må ein sjå på alternativ konsept.
Det mest nærliggjande er etter mi meining då eit parkeringshus i dagen, over den planlagde kollektivterminalen, dvs på den såkalla Statoil-tomta.
Ei langsiktig parkeringsløysing må uansett på plass for Osøyro heilt uavhengig av hotellprosjektet. Elles stoppar all vidare utvikling av sentrum opp, og det er det ingen som ynskjer.
Vi har i alt for lang tid hatt eit sentrum prega av grå asfaltflater nytta til parkering.
Terje Søviknes (Frp)
Ordførar, Bjørnafjorden kommune