DEBATT
Osøyro som fast snuhamn for hurtigbåtrutene ?
Gir ei unik moglegheit til å fungera som eit sterkt kollektivknutepunkt for heile Bjørnafjorden.
I desse dagar, medan farleia under Sotrabrua er stengd som følgje av byggearbeidet på Sotrasambandet, nyttar både Sunnhordalandsruta og Hardangerfjordekspressen Osøyro som snuhamn.
Denne mellombelse løysinga har tydeleg vist at Osøyro kan fungera som eit effektivt og tenleg knutepunkt, og reiser spørsmålet om kvifor dette ikkje bør etablerast som ei permanent ordning?
Å gjera Osøyro til fast snuhamn for Sunnhordalandsruta og Hardangerfjordekspressen er eit framtidsretta grep som svarar på fleire av dei største utfordringane vi står overfor samtidig: Behovet for meir effektiv transport, pressa økonomi og nødvendige kutt i klimagassutslepp.
I dag går ein betydeleg del av seglinga til Hardangerfjordekspressen, rundt bergenshalvøya før ruta tek fatt på fjord- og distriktsstrekningane. Om lag halve reisetida vert brukt på ei strekning der hurtigbåt har klare ulemper samanlikna med busstransport. Dette er lite effektiv bruk av både tid, kapasitet og energi, og vanskeleg å forsvara i ei tid der kvar krone og kvart utslepp tel.
Ved å etablera Osøyro som fast snuhamn kan strekninga Osøyro-Bergen avløysast med buss i staden for båt. Hurtigbåtane kan då nyttast der dei verkeleg har sine fortrinn – på dei lange fjordstrekningane. Resultatet vil vere kortare og meir føreseieleg reisetid, meir effektiv drift, lågare kostnader og reduserte klimagassutslepp.
Samtidig gir Osøyro ei unik moglegheit til å fungera som eit sterkt kollektivknutepunkt for heile Bjørnafjorden. Med gode bussamband vidare til Bergen sentrum og Flesland kan ein skapa eit meir samanhengande og robust kollektivtilbod, der sjø- og landtransport utfyller kvarandre på ein langt betre måte enn i dag.
Kanskje kan også osingar nyta godt at hyppige forbindelser til både Flesland og Bergen?
I tillegg bør ein etablera eitt eller to faste stoppestader på søre Fusa. Dette vil gi denne delen av kommunen langt betre påkopling til Osøyro – og vidare til hurtigbåttilbodet og Hardanger-regionen. For innbyggjarane i søre Fusa vil dette bety betre tilgjenge, meir fleksibilitet i kvardagen og eit reelt alternativ til privatbil.
I ei tid der økonomi er ein knapp ressurs, og der både stat og fylke er tydelege på at klimagassutsleppa må ned, meiner me i Bjørnafjorden Høgre at dette er ei løysing som bør utgreiast grundig. Her ligg det eit betydeleg potensial for å henta ut gevinstar både økonomisk, miljømessig og samfunnsmessig.
Det er viktig å understreka at forslaget er politisk forankra i Bjørnafjorden kommune. Det ligg føre vedtak i formannskapet, og forslaget er sendt inn som høyringsinnspel til Vestland fylkeskommune i samband med arbeidet med nye anbod på ferje- og hurtigbåttilbodet fram mot 2030. Dette gir fylkeskommunen eit tydeleg lokalt signal.
Men det er Vestland fylkeskommune som er beslutningsmyndighet, ikkje Bjørnafjorden kommune.
Emil Brimsholm
Formannskapsmedlem
Bjørnafjorden Høgre