Budsjettkonferanse, ordførar Terje Søviknes, Frp, budsjett 2026
Budsjettkonferanse, ordførar Terje Søviknes, Frp, budsjett 2026

DEBATT

Siste frist: Nye næringsområde er av ekstra interesse

15.februar er siste frist for arealinnspel til den nye arealplanen for Bjørnafjorden.

Kommuneplanens arealdel (KPA) er enkelt forklart ein plan for korleis vi skal disponera alt areal i kommunen vår, både på land og i sjøområda. 

Det handlar om areal til ulike utbyggingsformål som bustad, næring og offentleg tenesteyting. Men også om areal til idrett, friluftsområde, naturområde osv.

Dette er første gong vi utarbeider ein felles arealplan for heile Bjørnafjorden. Kommunestyret vedtok i desember føringar for arbeidet, og ein ber særskilt om innspel på følgjande arealtypar;

- Eigna bustadareal i Bjørnafjorden Aust

- Areal til næring, offentleg tenesteyting og areal til natur- og folkehelseføremål i heile kommunen

På nettsidene til kommunen finn ein utfyllande informasjon om kva areal vi ynskjer innspel på. Det er også mogeleg å melda inn feil, eller mangel på samsvar mellom «kart og terreng», i dei to eksisterande arealplanane for tidlegare Fusa og Os. 

For å sjå kva eit areal er sett av til i eksisterande planar, kan ein t.d. nytta nettsida kommunekart.com.

All informasjon om arealplanprosessen finn du på kommunen sine nettsider. Det enklaste for å finna fram er å nytta søkjeordet «KPA» inne på nettsidene. Her finn du også ein portal der du digitalt kan senda inn dine konkrete arealinnspel.

Det kan handla om din eigen eigedom, areal i nærmiljøet ditt eller til dømes tankar om kor ein kan plassera framtidige større utbyggingsareal i kommunen. Potensielle nye næringsområde er av ekstra interesse. 

Trass i næringsområda på Samnøy og i Lyseparken har Bjørnafjorden dessverre lågare arealreservar til næringsføremål enn dei andre kommunane rundt Bergen.

Hittil i arealplanprosessen har engasjementet vore stort gjennom folkemøta ute i bygdene, arbeid i bygdelag og i frå privatpersonar. 

Om også DU sit med gode idear til framtidig utvikling av Bjørnafjorden, vonar vi du nytta dette høvet, og senda oss konkrete arealinnspel innan fristen 15.februar.

Powered by Labrador CMS