DEBATT
Usann promotering av høghotellet
Dette er uærleg bruk av andre menneske. Slikt kan ein bruka sterke ord om.
Vi var med på ein av arbeidsøktene som utbyggarane av høghotellet på Mobergsneset arrangerte om kva moglegheitar dette prosjektet skal gje Osbygda. Takkar for invitasjonen. Den var vi glade for, men vi vil ikkje bli brukt som sanningsvitner for prosjektet i ettertid.
For no har vi fått tilsendt ei oppsummering av arbeidsøktene frå direktøren ved Oseana. Denne oppsummmeringa er skriven av det internasjonale byrået Nonspace. Dei er sjølvsagt hyra inn for å selja inn forslaget til hotell som vi no ser.
Det flotte dokumentet er ei einaste stor lovprising av positive moglegheitar hotellet vil gje Os-bygda slik innleiaren frå byrået starta arbeidsøktene med.
Det står ikkje eitt ord om at det var stor skepsis i gruppene under arbeidsøktene til høgda og størrelsen på prosjektet. Ein var mellom anna negative til det fotavtrykket eit slikt bygg vil sette på bygdesenteret vårt – Strandstaden Os.
Vi har spurt direktøren i Oseana om kven som har godkjent dokumentet utan å få svar.
Uærleg bruk av andre
Det verste ved dette dokumentet er at det ser ut til å vera ei oppsummering av kva møtedeltakarane meinte. Det er uærleg bruk av andre menneske. Slikt kan ein bruka sterke ord om.
Vi går ut frå at alle skjønar at dokumentet skal brukast til å fremje prosjektet over for representantane i kommunestyret som til slutt skal avgjerda denne saka.
Kva saka dreier seg om
Denne saka dreier seg om ein hotelldirektør som arbeidar med ein god forerretningsidé som han tenar pengar på. Foretningsideen er, trur vi, å selja hotellopphald med kulturopplevingar og naturopplevingar i helger og om sommaren – gjerne til rike utlendingar.
I vekene elles skal han selja kongressopplevingar med storslått utsikt frå spaavdeling og kongressal oppe i det blå. Mannen er dyktig, men inntektene hans blir på bekostning av naboar og bygdas sentrum. Vi får lite tilbake.
Mest arbeidsplassar med låg inntekt og inga eigedomsskatt.
Innleiaren frå byrået snakka varmt om all positiv merksemd som Oselvaren og bygda kunne få. Dei som representerte Oselvarverkstaden gjorde forsamlinga merksam på at dei ikkje har kapasitet til å ta seg av ein mengde gjestar. Det står ikkje noko om dette i dokumentet.
Ikkje mot hotell
Vi er ikkje i mot eit hotell. Det er storleiken, høgda og dei store, negative verknadane dette får for om lag 150 naboeigedomar og bygda elles, vi er imot. Eit hotell av den storleiken det før var tale om, hadde vi ikkje reagert så sterkt på.
Men å bli brukt som sanningsvitne til eit møte der ein refererer berre ut i frå eiga interesse og vel bort det som ikkje høver, det vil vi ikkje vera med på.
Knut Natvik
Leiar
Truda Lunde
Nestleiar
Foreninga Midtskogen vel