Oppdrag: TAF-Marin på oppdrag.

DEBATT

Vil svekka både skulen og næringslivet i våre område

Svært viktige tilbod ut frå eit distriktspolitisk omsyn.

Denne veka skal den årlege saken om klassetilbod handterast politisk i Yrkesopplæringsnemnda og Hovudutvalet for Opplæring, kompetanse og tannhelse i Vestland fylke.

Dei fire lokallaga i SV reagerer på at fylkesadministrasjonen foreslår å fjerna TAF-tilboda frå Fusa.

Lokallaga i Bjørnafjorden, Kvam, Kvinnherad og Tysnes SV vurderer TAF/YSK som særs viktig ut frå eit distriktspolitisk omsyn.

TAF gjev solid utdanning og kompetanse til lokal ungdom som direkte, eller etter fullført høgare utdanning, kjem tilbake til lokale bedrifter og fyller viktige posisjonar i desse. Det sikrar gode arbeidsplassar og stabil arbeidskraft i bygdene.

For ungdomane er det også viktig å ha eit kvalitativt godt tilbod lokalt som gjev trygge og interessante jobbar. 

Delta i debatten i kommentarfeltet under.

Skulen erfarer at TAF/YSK-elevar er svært motiverte, har høgt læringsutbytte og lite fråfall. Ikkje all ungdom skal måtta ut av bygdene og til byar/sentrale strok for å kvalifisera seg.

Største bedrifta i Bjørnafjorden, Framo Fusa AS, har vore initiativtakar og medspelar i TAF-mekanisk, og skulen har samarbeidd godt med denne og andre bedrifter i bransjen.

Særs uheldig er det at TAF-marin er føreslått forsvinna heilt.

Det er ei viktig utdanning som gjev akvanæringa tilgang til kompetente og breidt skulerte ungdommar, som kan ta næringa vidare vurdert frå eit miljøperspektiv. 

TAF-helse er med og sikrar rekruttering til omsorgssektoren i området. For Fusa sin del utgjer dei tre tilboda årleg berre 1,5 klasse, fordi skulen har god erfaring med å kombinera desse klassane i fellesfaga, også saman med dei ordinære yrkesfagklassane i programfaga.

Å fjerna desse tilboda ved Fusa vidaregåande skule vil både svekka skulen og næringslivet i våre område. Solide utdanningstilbod lokalt er viktig mottrekk til sentraliseringskreftene.

Bjørnafjorden SV

Kvinnherad SV

Kvam SV

Tysnes SV

Powered by Labrador CMS