Eg ønskjer stor takhøgd, openheit og rom for ulike meiningar i Bjørnafjorden kommune.

DEBATT

Ytringsfridomen gjeld sjølvsagt også våre tilsette

Når formuleringane mine har skapt tvil om mitt syn på dei tilsette sin ytringsfridom, vil eg gjerne få rydda den tvilen av vegen.

Eg vil takka dei tillitsvalde i Bjørnafjorden kommune for innlegget om ytringsfridom i Os & Fusaposten 11. november.

La meg vera heilt tydeleg. Eg står fullt og heilt opp for ytringsfridomen – også for alle tilsette i Bjørnafjorden kommune.

Våre tilsette har sjølvsagt den same retten som alle andre til å delta i samfunnsdebatten, også med kritiske synspunkt på politiske prioriteringar og vedtak.

Det er både legitimt, viktig og ein styrke for lokaldemokratiet vårt.

Delta i debatten i kommentarfeltet under.

Dette er også uttrykt klårt i Etiske retningslinjer for Bjørnafjorden kommune pkt. 4;  

«Tilsette har, som alle andre, ein grunnleggande rett til å delta i den offentlege debatten, òg om det som skjer i Bjørnafjorden kommune. Den tilsette bør vera bevisst på og reflektere over forhold som kan vere knytt til teieplikta og på rolla ein har som tilsett. Ein bør forsøka å ta opp ting internt før ein går ut med offentleg kritikk eller informasjon om interne tilhøve.»

Når eg i mitt svar til Åse Kristin Uglehus viste til hennar rolle som mellomleiar i kommunen, handla ikkje det om hennar rett til å ytra seg, men om mi eiga rolle som ordførar og det arbeidsgjevaransvaret eg har.

Eg meiner det er viktig å vera varsam med å gå inn i ein direkte, personleg debatt med våre eigne tilsette i lokalavisa.

Det er altså eit skilje mellom retten til å ytra seg, og korleis eg som ordførar vel å svara.

Invitasjonen til ein samtale på ordførarkontoret var meint som nettopp det – ein invitasjon til open og konstruktiv dialog, ikkje som eit alternativ til retten ein har til å delta i den offentlege debatten.

Når formuleringane mine har skapt tvil om mitt syn på dei tilsette sin ytringsfridom, vil eg gjerne få rydda den tvilen av vegen.

Å stå opp for ytringsfridomen har alltid vore viktig for meg – både i rolla som Frp’ar og som ordførar.  

Eg ønskjer stor takhøgd, openheit og rom for ulike meiningar i Bjørnafjorden kommune.

Det gjeld både innbyggjarane våre og alle som har sitt daglege arbeid i kommunen.

 

Terje Søviknes (Frp)

Ordførar Bjørnafjorden kommune

Velkomen til kommentarfeltet. Vi vil høyra di meining. Bruk fullt namn.

Les reglane våre for kommentarfeltet.

Powered by Labrador CMS