Ber førar melda seg etter bulking

Anne Marie Aarøen Vangsnes
kortnytt nytt nyhende

Tysdag etter lunsj fekk politiet melding om ein bil som skal ha fått ein bulk på parkeringsplassen utanfor Osbadet.

Sjølve bulkinga skal ha funne stad søndag mellom kl. 11.24 og 14.07.

Då bileigaren skulle køyra frå staden, vart han merksam på ein bulk i døra på førarsida.

— Vi ynsker at vedkomande som kjenner til dette uhellet melder seg til politiet i Bjørnafjorden, skriv politioverbetjent Anne Lyssand i ein epost til media.

Powered by Labrador CMS