Politi og helsepersonell var kjapt på plass for å sjå til dei skadde etter fallet på ATV-en.

ATV-ulukka: Fekk konstatert kragebeinsbrot

Ungdomen som fall av ein ATV onsdag morgon, har fått konstatert kragebeinsbrot.

Publisert

Like før klokka 11 onsdag føremiddag fekk politiet melding om ei ATV-ulukke i Idrettsvegen mellom Kuventræ og Kiwi. 

To personar (f. 2008) sat på ATV'en då ulukke skjedde like ved ein fartsdump.

Passasjeren fall av og vart frakta til legevakt. Her vart det konstatert kragebeinsbrot. 

Føraren skal, ifølgje politiet, ha køyrd sakte, i ca 20-30 km/t. 

Foreldre til dei involverte blei varsla. 

Politi og helse var på staden, og det er oppretta sak etter ulukka.

Powered by Labrador CMS