Dårleg stemning: – Skal også ha spytta ein i ansiktet
Skal ha kome med upassande kommentarar til fleire og spytta på ein person.
Politiet fekk melding om dårleg stemning på ein bensinstasjon i Os sentrum natt til søndag. Meldinga kom inn kring klokka 02.45.
– Ein mann i 20-åra kom med upassande kommentarar til fleire andre kundar og skal også ha spytta ein i ansiktet. Vedkomande blei bortvist av politiet og vi forventar at forholdet vert meld, skriv politioverbetjent Atle Birkeland i ein e-post.