Opplyser om «telefonproblem».

– Det er problem med å koma gjennom på telefon

Telenor har store utfordringar torsdag. Det råkar også den lokale legevakta.

Publisert Sist oppdatert

– På grunn av den pågåande hendinga med problem hos Telenor, er det no også problem med å koma gjennom på telefon til Bjørnafjorden og Samnanger legevakt, opplyser avdelingsleiar ved legevakta i Bjørnafjorden og Samnanger, Trude Fjæreide.

For nokre timar sidan, blei det kjend at Telenor hadde store utfordringar. Situasjonen for SMS og mobilnett skal ha blitt normalisert i 18-tida, ifølgje Telenor.

Men utfordringane med taletrafikk er framleis ikkje løyst. Det opplyste dekningsdirektør Bjørn Amundsen til NRK.

Naudetatane er råka. Det er også meld om full togstans. Det er også ei utfordring å ringja til og frå Telenor-kundar.

Og det er ikkje heilt rett fram å koma gjennom til legevakta.

– Dersom ein opplever problem med å koma gjennom på telefonnummer 116 117 når ein kontaktar legevakta for Bjørnafjorden, Samnanger eller Austevoll, kan ein prøva telefonnummer 56 57 03 70, opplyser Fjæreide.

I ei melding til avisa skriv ho at legevakta på Moberg er bemanna som vanleg. I Eikelandsosen vil vaktlege vera tilgjengeleg på kontoret mellom klokka 18 og 20.

– Dersom ein har behov for legehjelp som ikkje kan venta til fastlegekontoret opnar, kan ein oppsøkja legevakta direkte på Moberg. Dette gjeld også for innbyggjarar i Eikelandsosen, så lenge telefonproblema varer.

OPPDATERT: Litt før klokka 19 opplyser Telenor om at problema er løyste.

Powered by Labrador CMS