Fekk melding om innbrot i konteinar
Ingenting skal ha blitt stole.
Tysdag mottok politiet melding om eit innbrot i ein konteinar i nærleiken av Lysekloster. Ingenting skal ha blitt stole frå konteinaren.
I oppdateringa frå politiet vert det også opplyst at ein gut tysdag skal ha vist fram ein leikepistol utanfor Rema 1000 på Moberg.
Annonse
— Politiet fekk tak i rett gut, køyrde han heim og fekk tatt ein prat med foreldre. Ingen vidare reaksjon fra politiet, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.
Same dag vart ein hensatt bil taua bort frå Giskavollen parkering på vegner av Bjørnafjorden kommune.