Fekk telefon frå bekymra turgåarar: Ber folk vera merksame på hol i isen
– Det er meldt om fleire hol som ikkje er merka.
Arne Rødberg i Bjørnafjorden brann og redning fekk fredag ettermiddag telefon frå bekymra turgåarar som hadde observert store usikra hol i isen på Ulvenvatnet.
– Innringjaren var rimeleg sikker på at det måtte ha vore isbadarar som har saga hol i isen. Bekymringa til vedkomande var at holet ikkje var sikra, eller merka på noko vis, seier Rødberg.
Han rår folk som skal skøyta på Ulvenvatnet om å vera ekstra forsiktig, spesielt når det er mørkt.
– Då er det ekstra vanskeleg å sjå slike hol. Det er også fare for at det frys eit tynt islag over, slik at det ser ut som det ikkje er hol der i det heile tatt, seier Rødberg.
Han nyttar elles høvet til å be alle isbadarar som lagar slike hol, om å merka dei med pinner eller anna, slik at det ikkje skjer ulukker.