Forseinkingar: Tåka skapar utfordringar
Nok ein gong vert det meld om at tåka skapar utfordringar på ferjesamband.
Tidlegare i veka har Torghatten meld om forseinkingar i sambandet Halhjem – Sandvikvåg, og Halhjem – Våge, grunna skodde.
På sambandet Halhjem – Sandvikvåg har det også vore tekniske utfordringar og mannskapsmangel.
Annonse
I dag er det Fjord1 som opplyser at reisande mellom Hatvik og Venjaneset må rekna med forseinkingar som følgje av tåke.
Per no ser det ut til at ferjene til og frå Halhjem går som normalt torsdag.