Legevaktsjef Bjørn Petter Aasheim Johannessen ber folk gjera naudsynte førebuingar før heilagdagene.

Kjem med oppfordring: – Legevakta er for alle, men ikkje for alt

– I påsken kan det bli vel mykje trykk, seier legevaktsjefen.

Publisert Sist oppdatert

Bjørn Petter Aasheim Johannessen har vore legevaktsjef i Bjørnafjorden kommune i snart fem år. Han veit at det fort kan bli stort trykk på dei som er på vakt i periodar med mange heilagdagar.

– Eg veit av erfaring at det blir mange førespurnader. Folk både ringjer og møter opp. Mange har god grunn. Andre kunne gjort ein innsats og spart seg turen, seier Johannessen.

Då tenkjer han blant anna på å syta for at du har nok av medikamenta du bruker til dagen, at du har fornya resepten og rokke å henta dei medisinane du treng.

– I tillegg er det mykje du kan gjera som småbarnsforelder, som å syta for at du har smertestillande, febernedsetjande medisinar som Paracet og Ibux, og andre enkle hjelpemiddel du kan få bruk for om dei små blir sjuke. 

Skal sjølv på vakt

Johannessen veit også at det er mange som blir utolmodige når dei sjølve eller andre i familien blir sjuke.

– Ved normal sjukdom treng du ikkje kontakta legevakta. Då går det fint an å venta eit par dagar til legekontora opnar igjen. Eg seier ikkje dette for å vera vanskeleg, men når me får det travelt og plutseleg kan bli fleire hasteoppdrag, er det viktig at me har tid til det som må prioriterast høgast, slår Johannessen fast.

– Ved feber på småborn under tre månader skal du alltid kontakta lege med ein gong, poengterer han.

Han har sjølv vakt på påskeaftan.

– Totalt er me sju legar som skal dela på vaktene gjennom påsken, fortel han.

Elles minner legevaktsjefen innbyggjarane om nasespray, allergimedisin, plaster, strips og handsprit i tilfelle nokon i familien får magesjuke.

Ha dette klart

Dersom du kontaktar legevakta, er det ønskjeleg at du har følgjande klart når du ringjer inn:

• Fullt namn

• Fødselsdato og personnummer for personen det gjeld

• Namn på faste medisinar og eventuelle sjukdomar

• At du kan fortelja kor høg feberen er, om dette er eitt av symptoma.

Powered by Labrador CMS