– Kong Harald gjorde ei fantastisk kongegjerning for Noreg
— Det er med stor sorg me mottek bodskapen om at han no er gått bort.
Ordføraren i Bjørnafjorden, Terje Søviknes, seier det er ein stor Konge som no har gått ut av tida.
– Kong Harald var ein enormt fin konge. Han gjorde ei fantastisk kongegjerning for Norge i mange år, og det er med stor sorg me tek bodskapen om at han no er gått bort, seier Søviknes.
Han hadde gleda av å møta Kong Harald fleire gonger.
– Eg sat som minister i to år, og då møtte eg han jamleg i statsråd-møta. Men også elles har eg hatt gleda av å helsa ved ulike høve, seier Søviknes.
Han trekkjer fram Kong Haralds folkelege tilnærming til dei han møtte.
– Han hadde svært god humor og var veldig glad i å prata med folk om daglegdags ting. Sjølv hadde eg fleire gonger gleda av å prata med han om heilt trivielle ting, som fisking, fortel Søviknes.
Kommunen vil koma attende med meir informasjon om korleis Kongens bortgang vil bli markert i Bjørnafjorden og kva konsekvensar det eventuelt vil få for ulike arrangement i kommunen.
I samband med kongens bortgang vil kyrkjeklokkene i Bjørnafjorden ringja klokka 12 i dag.
I Os kyrkje vil det vera open kyrkje fredag klokka 10.00-12.00 og 15.00-18.00 (opphald grunna bisetting). I morgon laurdag 15.00-18.00 og søndag 13.00-16.00.
Fusa kyrkje har ikkje avklart tidspunkt enno, men her kjem det ei oppdatering.