Måndag startar arbeidet: – Kjem heile nærområdet til gode
Gjer jobben i sommarferien slik at alt er klart til skulestart.
I juni blei Søfteland skule og Søfteland TIL overraska av banken, som kom med ein sjekk på 450.000 kroner.
– Utruleg kjekt
Idrettslaget hadde søkt om midlane, med Lene Beinset og Andreas Hald i spissen for prosjektet.
– Det er utruleg kjekt at vi no kan gå i gang, og at Sparebanken Norge var så velvillige. Ingen tvil om at ballbingen hadde behov for eit lyft. Dette kjem heile nærområdet til gode, seier Hald.
Idrettslaget eig ballbingen, som står på kommunal grunn ved skulen.
– Vi i idrettslaget brukar ikkje ballbingen til noko, dette er berre eit gode til nærmiljøet. Men det er vi som har søkt om midlane, seier Hald, som er leiar for friidrettsgruppa i Søfteland TIL.
Fekk midlane rett før sommarferien
Beinset er bortreist denne veka, men skal vera tilbake til dugnadsarbeidet startar måndag neste veke.
– Eg jobbar på skulen og barna har i lang tid klaga over den dårlege ballbingen. Det er også mørkt om vinteren, slik at det ikkje er råd å bruka bingen. Så vi fann ut at vi skulle søkja, og rett før sommarferien fekk vi pengane, seier Beinset, som er leiar for fotballgruppa i laget.
Det blir no ny ballbinge med lyskastarar. I tillegg skal det byggjast ny bod til friidretten.
– Men vi startar med ballbingen. Det kjem også nokre benkar og eit lydanlegg til friplassen, fortel Beinset.
Frir til bygda
No går idrettslaget ut og frir til bygda – eller andre – som ønskjer å hjelpa til når dugnaden startar neste veke.
– Enn så lenge er det ingen som har meld seg, men vi håpar at fleire ønskjer å ta del. Får vi ei gruppe på 10–15 personar, er nok arbeidet gjort på nokre dagar. Det er eit firma som kjem for å leggja sjølve kunstgraset og jamna det ut – elles vert resten gjort på dugnad, seier Beinset.