Møsnuken
Turruta merkt av til høgre. Steinar Størksson håpar at nokon andre turgåarar kan hjelpa til.

Mista nøkkelkortet til bilen på veg til Møsnuken

– Eg har ein mistanke om at det fall ut av lomma like ved der ein kan gå til høgre mot Borgafjellet, seier Steinar Størksson.

Publisert

Han var på fjelltur til Møsnuken onsdag føremiddag. Undervegs mista han nøkkelkortet til Teslaen sin og håpar no at andre turfolk som skal på tur i same område om å seia frå om dei finn kortet.

– Kortet er svart og liknar på eit bankkort. Eg har ei mistanke om at eg mista det då eg fekk ein telefon i Borgaskaret, like ved der ein kan gå til høgre for å gå til Borgafjellet, fortel Størksson.

I håp om å få tilbake kortet la han ut eit kart over turruta si på Facebooksida Oppslagstavlo onsdag ettermiddag.

– Det er ikkje krise, men det hadde vore veldig kjekt om nokon hadde funne det. Om de i Os & Fusaposten i tillegg lagar ein liten sak på dette, får me kryssa fingra for at nokon finn det og gjev meg beskjed, seier Størksson.

Powered by Labrador CMS