Mistenkjer forureining: Kokevarsel for Os sentrum og nærområda rundt
Alt vatn til drikke, matlaging og tannpuss må kokast før bruk.
Bjørnafjorden kommune har torsdag ettermiddag sendt ut kokevarsel for Os sentrum og nærområda rundt. Årsaka er mistanke om forureining etter rutineprøver i Os sentrum.
— Vi anbefaler at alt vatn til drikke, matlaging og tannpuss kokast før bruk, heiter det i meldinga frå kommunens driftsavdeling.
Vidare heiter det at det vil bli tatt nye prøver, og ny melding blir sendt ut så snart kokeanbefalinga blir oppheva.
Dei som er berørte, skal ha fått sms-varsel om dette, opplyser kommunen.
Kommunen opplyser også at svar på godkjente prøver ikkje kan forventast før måndag.
Tarmbakteriar
Agnete Haugland, leiar for samferdsle og VA i kommunen, opplyser at det blir teke rutinemessige vassprøver av drikkevatnet kvar veke.
— Ferske prøver viser utslag av såkalla intestinale enterokokkar, altså tarmbakteriar.
Overingeniør hos Bergen Vann med ansvar for vasskvalitet, Hege Hovland, fortel at dei no leitar etter kjelda til forureininga.
— Funna tyder på at drikkevatnet kan vera forureina av kloakk, og då kan vi ikkje seia at vatnet er trygt. Difor sender vi ut kokevarsel.
Bergen Vann vil fredag og laurdag ta omprøver i eit større område.
— Det blir sendt ut ny sms så snart vi veit at vatnet er trygt, seier ho.
— De rår til at ein heller ikkje skal pussa tenna i ukokt vatn?
— Nei, det stemmer. Alt vatn som skal inn i munnen må kokast. Det gjeld også om du skal laga isbitar av vatn frå springen, seier Hovland.