Ein nøgd gjeng i Os & Fusaposten kan gle seg over opplagstala som vart lagt fram tysdag. Journalist Benjamin Søgnen Olsen ikkje var til stades då biletet vart teke.

Ny rekord motiverer: Blant opplagsvinnarane i Vestland

– Tusen takk til alle som les oss og vel å abonnera på lokalavisa.

Publisert Sist oppdatert

Landslaget for lokalaviser (LLA) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) la tysdag denne veka fram nye opplagstal for avisbransjen.

Tala viser eit nytt år med oppgang for Os & Fusaposten. Samanlikna med andre halvår 2024 (6.255), viser tala for andre halvår 2025, ein oppgang på 332.

Det offisielle opplagstalet for Os & Fusaposten er med det rekordhøge 6.587.

– Tusen takk til alle som les oss og vel å abonnera på lokalavisa. Det gjev oss eit solid grunnlag til å satsa og utvikla oss vidare til det beste for lesarane, seier redaktør Jostein Halland og held fram: 

— Målet vårt er å levera ei best mogleg avis til bjørnafjordingane, både lesarar og annonsørar. 

Han er svært glad for at veksten gjennom dei siste åra held fram og at avisa igjen kan notera seg for opplagsauke.

— Dei tilsette gjer ein iherdig innsats kvar dag for å få dette til. Heile staben fortener stor skryt, seier Halland.

Eitt av dei klare måla til avisa framover, er å få endå fleire folk, stemmer og synspunkt inn i spaltene. 

— Vi ønskjer å vera tett på alt av stort og smått som angår lesarane våre, uansett alder. Vi veit at relevante, lokale saker har stor interesse, og håpar alle der ute vil tipsa oss om saker dei meiner me bør løfta fram, seier Halland og held fram: 

— Det kan vera alt frå saker som samlar, rører og engasjerer til saker som krev eit kritisk blikk. 

Oppslagstala for andre halvår 2025, samanlikna med året før.

LLA har 130 medlemsaviser. Den samla digitale veksten for desse avisene er over 11 prosent. Lokalavisene sine totale opplagstal går fram med rundt éin prosent samanlikna med 2. halvår 2024.

Generalsekretær Tomas Bruvik i LLA er glad for at lokalavisene står sterkt.

– Nok ein gong ser vi at lokalavisene lagar spennande journalistikk som svært mange vil betale for. Dei fine opplagstala viser at folk set stor pris på lokal, redaktørstyrt og uavhengig journalistikk frå eigen kvardag og nærmiljø, kanskje særleg når det er urolege tider ute i verda, meiner Bruvik.

Powered by Labrador CMS