Takka Hennie (7) for at ho brukte stemma si:
– Saka viser det beste, men også det verste med kommunen vår
Spurte om ordføraren, på vegner av kommunen, ville be om orsaking.
I januar delte Janie Froestad Laupsa om det å vera mor til sju år gamle Hennie som er fødd med spinal muskelatrofi (SMA). Janie har teke mange kampar på vegner av dottera, ein av desse var ønsket om ein skogsveg på Halhjem barneskule.
For då dei andre borna sprang opp i skogen for å leika, vart Hennie (7) sitjande igjen åleine.
— Eg synest det er veldig dumt. Rullestolen min kan ikkje køyra andre stader enn på asfalt eller grus, fortalte andreklassingen.
Det gjekk ikkje lang tid frå saka stod på trykk i Os & Fusaposten til Thomas Ryland Olsen, eigar av Bjørnafjorden Hage & Anlegg, meldte seg til teneste.
— Det var farshjartet som slo inn. Eg tenkte det var for gale at ei så lita sak som ein skogsveg, skulle stå i vegen for at Hennie skulle få vera med og leika, sa han.
Tre spørsmål til ordføraren
Sist veke vart saka tema i kommunestyret.
– Aller først vil vi takka Hennie for at ho brukte stemma si og sa i frå når ting ikkje var greitt. Du er eit førebilete for andre når du tør stå fram slik du har gjort her. Tusen takk, sa Jo Rune Ugulen Kristiansen (Ap).
– Saka viser bygda vår på sitt beste, når private aktører hiv seg rundt og ordnar opp. Men ho viser også kommunen vår på sitt verste. Halhjem barneskule er snart 30 år, og er framleis ikkje godt tilrettelagd. Vi som folkevalde har svikta når vi ikkje har fått til dette tidlegare. Som kommune bør vi be om orsaking, og retta opp slike ting så fort som mogleg. Alle barn er våre barn, og alle barn skal få vera med i leiken, sa Ap-politikaren som, på vegner av partiet, hadde fleire spørsmål til ordføraren:
• Kva for andre uteområde på skulane i kommunen vår er ikke fullt ut tilrettelagd for rullestol?
• Kan kommunestyret få eit oversyn over kva som eventuelt manglar på dei einskilde skulane, og ein forpliktande plan for når utbetringane skal vera på plass?
• Vil ordføraren på vegner av alle i kommunestyret og kommunen be dei barna vi har halde utanfor leiken, om orsaking?
– Saka bør vera ein vekkjar for oss alle
I svaret frå ordførar Terje Søviknes (Frp) går det fram at alle skulane i Bjørnafjorden har uteområde som er tilgjengelege for rullestolbrukar. Samstundes består mange skuletomter av større skog- og naturareal, og har ei topografisk utforming som av praktiske og økonomiske årsaker ikkje kan utformast universelt.
– Skulane i Bjørnafjorden har ulik alder. Ikkje alle har hatt like god universell utforming frå dei var nye. Prinsippet har vore at skulane får ombygging/endring tilpassa dei elevane som startar på skulen. Nyare skular, bygd etter TEK10- og TEK17-standard, har eit sterkt fokus på universell utforming. Dette sikrar at både inne- og uteområde ved nye skulebygg er godt tilrettelagde for rullestolbrukarar og andre med ulike funksjonsnedsettingar, sa ordføraren.
Vidare vart det vist til at alle skulane i kommunen har fått oppgradert leikeplassane sine til moderne nærmiljøanlegg. Anlegga er utforma slik at dei skal vera tilgjengelege for rullestolbrukarar, noko som bidreg til at fleire barn kan delta i aktivitetar i nærmiljøet.
– Personleg vil eg leggja til at saka med Hennie bør vera ein vekkjar for oss alle. Universell utforming er gradvis kome høgare på agendaen, men framleis har vi mykje som står igjen. Alt kan ikkje leggjast til rette, men der det er mogleg, skal vi strekkja oss langt. Det er eit felles ansvar vi alle har både politisk, i administrasjonen og i lokalsamfunnet i Bjørnafjorden, sa Søviknes.
At mange med funksjonsnedsettingar har slite med «systemet», og er gjort urett opp gjennom åra, er heva over ein kvar tvil, la ordføraren til.
– Det er difor ikkje vanskeleg å ta oppmodinga frå Ugulen Kristiansen om å beklaga til alle dei som på ein eller annan måte er blitt, eller fortsatt blir, hindra frå deltaking i ulike fellesskap på grunn av fysiske hindringar.
Søviknes la til at i Hennie sitt tilfelle har den konkrete saka løyst seg til det beste takk vera private initiativ.
– Det er berre fantastisk, og eit døme på korleis vi ønskjer at lokalsamfunnet Bjørnafjorden skal vera.