Skal trena i Bergen og Os
FHS Sjøkrigsskolen gjennomfører øvinga «Sjøkriger» frå 1. til 14. juni.
I løpet av desse vekene vil Bergen og Os bli prega av auka militær aktivitet både på land og til sjøs. Rundt 300 deltakarar skal gjennomføra øvinga, opplyser Endre Nedberg, major og kommunikasjonssjef ved Forsvarets høgskole.
Kadettar frå Sjøkrigsskolen får selskap av personell fra FHS Krigsskolen på Linderud, og allierte fra USA, Bulgaria og Finland.
Øvinga er ein sentral del av leiarutdanninga ved Sjøkrigsskolen.
— Aktiviteten vil vera synleg fleire stader i regionen. Innbyggarar kan difor merka auka tilstedeværelse av soldatar i skogsområde og fartøy langs kysten. Øvinga vert gjennomført ved og rundt FHS Sjøkrigsskolen, Haakonsvern Orlogsstasjon, Ulven leir og i kystområda sør for Bergen.