Katten Milli er berre eitt av dyra familien Heldal/Guldbrandsen har utvida flokken med.

Byta ut travle dagar i "byn" med gardsliv i Podlen. – Vi er litt spontane av oss

Familien på tre forlot nyoppussa tomannsbustad på Bønes til fordel for gardsbruk frå 1944.

Publisert Sist oppdatert

Etter eitt år i Spania, var familien frå Bønes klar for nye eventyr.

Det vil seia; då Ståle (56), Ina (47) og Iben (11) var på visning på Solstad gard, tenkte to av tre familiemedlemer: "Nei, nei, nei, det er ikkje aktuelt! Det går berre ikkje!". No er innstillinga ei anna.

– Her skal vi bli gamle saman, slår paret fast.

Familien drøymte om eit lite gardsbruk med nærleik til sjø. No eig dei 100 mål i Austefjorden.

Ferjetur enda i bodrunde

Trudde du Baldersheim var blant ytterkantane i Bjørnafjorden? Då må du tru om igjen.

Etter Baldersheim kjem Nordtveitgrend, Sundvor og Lygrepollen.

Og køyrer du endå eit lite stykke langs FV 549, og tek av frå Sundvorvegen og inn på Austefjordvegen, kjem du til slutt til Solstad gard.

Her hamna også trioen frå Bønes ein sommardag i 2025. Det var søndag og fint vêr og annonsa på Finn verka forlokkande.

Kanskje kunne det vesle gardsbruket frå 1944 bli den nye heimen deira?

– Vi har ingen forbindelse til staden. Det næraste er at vi vurderte å leiga ei hytte her ein sommar for nokre år sidan, men det blei aldri noko av, fortel Ina.

Paret vedgår at dei er litt spontane, og at huskjøpet kanskje ikkje var så veldig gjennomtenkt. På den andre sida har draumen om eit lite gardsbruk lege der ei stund.

– Kidsa blir så fort vaksne i byn. Dei må få lov til å vera kids ei stund til, seier 47-åringen som er utdanna barnevernspedagog.

Betre plass, meir familietid og mindre støy, er andre fordelar, meiner dei.

– Og så er vi veldig glad i dyr. Alle tre.

Så då garden inst i Bjørnafjorden ikkje vart selt, og meklaren tok kontakt og spurte om dei var interesserte, enda det med ein bodrunde på ein ferjetur i Nord-Noreg på seinsommaren i fjor.

– Vi skulle feira svigermora mi si 80-årsdag. Då vi køyrde på ferja, eigde vi ein tomannsbustad på Bønes. Då vi køyrde av, hadde vi eit gardsbruk i Podlen i Bjørnafjorden i tillegg. Iben satt med headset på heile ferjeturen, så ho fekk ikkje med seg nokon ting, fortel Ina.

– Eg trudde dei tulla, legg 11-åringen til med eit smil.

Livsnytarar

Med gardsbruket følgde åtte villsau, inkludert ein bukk. Då Os & Fusaposten var på besøk i slutten av mars, var det kome tre små lam: Tvillingane Ulrik og Ulla, og Lene.

I skrivande stund er talet på lam kome opp i 11. Og minigrisane Fie og Klara har blitt ein del av hushaldninga. Det same er hundane Svinns og Bailey og kattane Milli og Vanilli.

– Vi ønskjer oss fleire dyr, men då må det vera dyr som er utegangarar, som geiter, eller dyret som står øvst på ønskelista mi, skotsk høylandsfe, seier Ina med stjerner i augo.

– Vi blir aldri ordentlege bønder. Vi har ikkje flytta hit for å jobba oss i hel. Men kanskje vi kan bli ein Inn på Tunet- eller besøksgard på sikt, seier paret og understrekar at det er eit bevisst val å ikkje hamna i den skvisen mellom jobb og fritid.

– Vi er livsnytarar, og det skal vi halda fram med å vera.

Elskar å stå på scena

Då skuleåret starta i august i fjor, var Iben blitt elev ved Ølve Montessoriskule, som ligg ca 11 minutt med bil frå garden. Overgangen frå ein skule med over 600 elevar til ein skule med 21 elevar frå 1. til 7. trinn, var stor. Men 11-åringen trivst godt.

– Det beste med å bu her er dyra. Vi hadde ikkje fått plass til dei på den vesle grasplenen vår på Bønes, seier 11-åringen som drøymer om å utdanna seg til dyrepassar.

– Det eg saknar med slik vi hadde det i "byn", var at det var lettare å besøka folk. Vi budde tett på dei næraste veninnene mine. Her må eg bli køyrt overalt, legg ho til.

Iben saman med hundane Bailey og Svinns. Førstnemnde adopterte familien då dei budde i Spania.

I tillegg til skuledagane i Ølve, går Iben på kulturskule på Tysnes. Ho har sang, dans og teater på same dag med same lærar.

I slutten av mai skal kulturskulen, som blir 40 år til sommaren, setja opp ei jubileumsframsyning av "Aladdin". Og i hovudrolla som Aladdin, er 11 år gamle Iben.

– Kjempegøy!, seier mamma Ina.

– Ho elskar å stå på scena! Ho synest berre det er litt kleint at eg skryter av det, legg ho til med eit smil.

Mottekne med opna armar

11-åringen er ikkje den einaste i familien som har mykje i gjære. Når Iben er køyrt på skulen, har Ina og Ståle "styremøte" og legg planar for framtida. Sistnemnde arbeider som heismontør, og er fem veker tilgjengeleg og har fire veker fri.

– Det var éin av grunnane til at vi "måtte" flytta frå Bergvegen. Huset var ferdig oppussa. Om Ståle skulle hatt fire veker fri for å laga middag og gå tur med hundane, hadde han gått på veggen, slår Ina fast.

– Eg trivst best med å ha noko å gjera, ja, stadfestar Ståle.

På gardsbruket i Austefjorden er det nok av gjeremål å ta av. Ina Kristine er til dømes i ferd med å fordjupa seg i noko som heiter "holistic management". Kort fortalt handlar det om å ta val som ikkje berre er bra for økonomien, men for miljøet og omgjevnadene, som kvar sauene skal beita, og kor lenge.

– Vi har inga erfaring frå gardsdrift frå tidlegare, så det er spennande å læra seg ein heilskapleg måte å driva garden på, seier ho.

Kaniner, høner, alpakka? Utleige og kanskje ein liten kafé? Mogelegheitene er mange, og paret frå Bønes er ikkje redd for å ta fatt.

– Vi har ikkje blitt bønder for å bli rike. Vi styrer på litt her og der. I første omgang kjem vi til å fokusera på dei dyra vi har og på å byggja opp stammen, og så får vi sjå korleis ting blir etter kvart, seier Ståle.

– Vi flytta hit for å få meir tid saman som familie, og for å gjera kjekke ting saman. Målet er å jobba akkurat så mykje som vi må, legg Ina til.

Familien frå "byn" set stor pris på kor godt dei har blitt mottekne i nabolaget.

– Naboane er utruleg hyggjelege. Sjølv om dei bur langt unna, kjem dei innom for å seia hei. Vi kjenner oss så velkomne, seier Ina og legg til med eit smil:

– Og så synest dei vi er så unge. Vi trekkjer ned snittalderen i heile Podlen.

På klubb med damene i "gata"

Eigedomen var ikkje det einaste familien overtok etter dei tidlegare eigarane, Ina Kristine fekk også plassen til gardskona i klubben.

– Ja, eg går på klubb med damene i "gata". Dei fleste er ein god del eldre enn meg. Det er utruleg koseleg. Dei kan så mange historier om staden. Neste gang er det min tur å invitera dei hit, fortel ho.

Trioen skildrar vinteren i Podlen som magisk. No ser dei fram til å få oppleva våren og sommaren på den nye heimstaden sin.

– Då vi var på visning her i fjor, såg vi revungar. Det syntest vi byfolk var veldig eksotisk, men vi kan jo skjøna at dei som bur her, som har høner, ikkje er like begeistra, seier familien og legg til at om nokon ønskjer å koma og helsa på, er det berre å ta turen innom.

Og blir turen litt i drygaste laget, kan du følgja det som skjer på Solstad gard både på Facebook og Instagram.

Etter ein magisk vinter, ser familien fram til vår og sommar på den nye heimstaden sin. Fuglehusa på veggen er det Iben som har måla.
Powered by Labrador CMS