Hadde Extra med flaks førre tysdag
Mann (55) frå Bjørnafjorden fekk ein ekstra kjekk tysdagskveld førre veke.
Mannen vart trekt ut som Extra-kandidat blant alle som hadde spelt før fristen gjekk ut tysdag kveld.
Han var sikra ein inngangspremie på 268.340 uansett korleis det gjekk vidare i trekninga. Om han gjekk til topps, venta det ein pengepremie på heile to millionar kroner.
Fekk beskjed medan han var på butikken
Norsk Tipping skriv på heimesida si at dei var i kontakt med mannen i forkant av trekninga og han gleda seg til å følgje med heimefrå.
Det er om å gjera å ha tre av seks tilfeldige tall på spelebrettet for å sikra seg toppremien. Mannen hadde eitt tal som stemte overens og premien vart på heile 670.855 kroner.
Sjølv om mannen ikkje gjekk heilt til topps, var han svært nøgd med pengepremien og kunne fortelja at sambuaren nok var meir nervøs enn han.
Noko av pengane skal brukast til ferietur. Resten skal setjast inn på høgrentekonto.
For vinnaren heldt tysdagskvelden fram med litt vedhogst før han vart avslutta med Champions League på TV.