Relatert innhald
Brann i eit bedriftslokale
Måndag føremiddag braut det ut brann i ein bedrift i Industrivegen i Os. Dei tilsette sløkte brannen sjølv. Det heile skjedde i samband med sveising. Ingen tilsette vart skadde.
Ole Bulls veg stengt
Grunna arbeid med asfaltering og kanting, vil vegen over Søvikåsen /Ole Bulls veg verastengt for trafikk i veke 27 og 28.
Det melder Bjørnafjorden kommune på si heimeside.
Ber førar melda seg etter bulking
Tysdag etter lunsj fekk politiet melding om ein bil som skal ha fått ein bulk på parkeringsplassen utanfor Osbadet.
Sjølve bulkinga skal ha funne stad søndag mellom kl. 11.24 og 14.07.
Då bileigaren skulle køyra frå staden, vart han merksam på ein bulk i døra på førarsida.
— Vi ynsker at vedkomande som kjenner til dette uhellet melder seg til politiet i Bjørnafjorden, skriv politioverbetjent Anne Lyssand i ein epost til media.
Sladda ved barneskule
Måndag kveld fekk politiet melding om eit par biler som køyrde stygt og mellom anna sladda rundt på skuleplassen til Borgafjellet barneskule.
Det opplyser politioverbetjent Atle Birkeland i ein epost til media.
Politiet fekk ikkje kontrollert nokon av desse, men har fått informasjon som kan gjera det mogleg å identifisera bilane.
Kafégjest gjorde ikkje opp for seg
Ein mann i 50-åra skal søndag ha gått frå Halhjem kafé utan å ha betalt for seg.
Politiet fekk melding om dette natt til måndag.
Dei gav meldar beskjed om å senda faktura til vedkomande eller melda han til politiet.
Buss køyrde på katt
Like etter midnatt laurdag kveld fekk politiet melding frå ein bussjåfør som sa han hadde køyrt på ein katt og skada denne.
Katten sprang frå staden, og det såg ut som han hadde fått skade i ein fot.
Det vart ikkje sett i verk nokon operative tiltak frå politiets side.
Oppretta sak på kvinneleg sjåfør
Søndag kveld litt før kl. 23 vart ein førar i 20-åra stoppa og kontrollert.
Kvinna køyrde utan gyldig førarkort. Årsaka var at ho ikkje hadde levert inn gyldig helseattest. Politiet har oppretta sak.
Fem forenkla førelegg på Halhjemsvegen
Søndag kveld litt før kl. 22 gjennomførte politiet ein ruskontroll på E39 Halhjemsvegen.
Det vart skrive ut fem forenkla førelegg der høgste fart vart målt til 86 km/t i 70-sona. Vedkomande måtte ut med 7.250 kroner.
54 førarar vart kontrollerte for rus, utan nokon reaksjonar.
Måtte ut med 15.600 kroner
Fredag kveld i 22-23-tida gjennomførte politiet ein trafikkontroll på E39 Halhjemsvegen.
Det vart skrive ut to forenkla førelegg der høgste fart var 92 km/t i 70-sonen. Det betyr ein sum på 15.600 kroner.
I tillegg vart 32 førarar kontrollerte for rus, men utan nokon reaksjonar.
Rusa mann på bussterminalen
Fredag kveld i nitida fekk politiet melding om ein mann som rusa seg og satte ei sprøyte ved bussterminalen i Os sentrum.
Politiet sette ikkje i verk nokon operative tiltak.
Hasj på kyrkjegarden
Fredag kveld fekk politiet melding om ungdomar som røykte hasj på Os kyrkjegard.
Det vart ikkje sett i verk nokon operative tiltak.
Førarkortet rauk på Lepsøyvegen
Fredag ettermiddag litt før kl. 18 vart ein mann i 30-åra målt til 86 km/t i 50-sona på Lepsøyvegen.
Føraren samtykka til beslaget, vedtok førelegget og erkjende forholdet. Politiet har oppretta sak.
Beholdt lappen med eit naudskrik
Fredag ettermiddag litt før kl. 17 gjennomførte politiet ein trafikkontroll på Lepsøyvegen.
Resultatet vart eit forenkla førelegg.
Ein person vart målt til 75 km/ i 50-sona og må ut med 13.050 kroner. Hadde vedkomande køyrt ein kilometer fortare, ville førarkortet roke.
Kø utover mot Halhjem
Lesar Det er lang kø på Halhjemsvegen fredag ettermiddag. Ein del av grunnen skuldast at mange bergenske musikarar frå ulike korps er på veg til NM for skulekorps i Stavanger.
Ein tipsar skriv til avisa at det for litt sidan var kø frå Halhjem ferjekai til Lepsøykrysset, og at det er tredje helga på rad med kø.
Melding om mindreårige på fest i Sigurdsvika
Klokka 22.43 torsdag fekk politiet melding om mindreårige som hadde fest i Sigurdsvika.
Ved Ulvenvatnet var det ifølgje politioverbetjent Knut Fjeld mykje ungdom.
– Politiet var på staden og fekk god støtte av natteramnar og foreldre. Ungdomane blei bedne om å rydda opp etter seg, skriv han i ei melding.
Fri ferdsel i Skogafjellstunnelen
E39 Skogafjellstunnelen er opna igjen etter å ha vore stengd i eitt felt i sørgåande retning. Årsaka var ein bil som hadde mista eit hjul.
Det melder Vegtrafikksentralen på X kl. 10.11.
Hadde ikkje gyldig førarkort
UP kontrollerte tysdag morgon ein mannleg bilførar i 50-åra. Han hadde ikkje gyldig føarrkort og vert meld for dette.
Begge hendelser tirsdag morgen.
Nok ein førar mista lappen
Ein bilist i 20-åra mist tysdag morgon førarkortet på grunn av tre nye prikkar. Han vart målt til for høg fart i Lyshorntunnelen.
Stod att utan poeng
Os-damene hadde ikkje tapt heime sidan kampen mot Lyngbø i starten av april.
Det starta godt mot Førde i helga, då Lenea Fløysand gav Os leiinga etter 12 minutt.
Lenea Fløysand gav Os leiinga heime mot Førde. Hordalandsfotball Men i andreomgang snudde Førde kampen og Os tapte 1–2.
Med det ligg Os midt på tabellen før fredagens oppgjer mot Sotra – også den kampen er på heimebane.
Sommarferie ventar etter det oppgjeret, og damene skal ikkje i sving igjen før midt i august.